Hopp til innhold

Sommarjobb for ungdom - FriMoro og sommarferieaktivitetar

Arbeidsgiver

Luster kommune Folkehelse

Sted

Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne

Om jobben

Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Antall stillinger
12
Arbeidsspråk
Norsk
Mulighet for hjemmekontorAI
Ingen mulighet for hjemmekontor
AI

Bruk av kunstig intelligens

Søk på jobben

Søk senest søndag 3. mai

Luster kommune og Luster frivilligsentral arrangerer i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar FriMoro og sommaraktivitetar for barn og unge i 2026.

Me legg vekt på meistring, samhald, glede og nye opplevingar! 

• Me har 12 stillingar som inneber fem heile dagar med jobb. 

• Aktivitetane vert arrangert 22.- 26. juni  (Planleggingsdag 22. juni, FriMoro 23. og 24. juni, aktivitetsdagar i Gaupne og på Hafslo 25. og 26. juni)

For å gje eit variert tilbod treng me engasjerte og ansvarlege ungdomar som likar å arbeide med barn og unge. 
Du vil få konkrete arbeidsoppgåver, til dømes:

  • Rydding/rigging før og etter aktivitet
  • Planlegging og gjennomføring av aktivitetar
  • Rolle som gruppeleiar
  • Matlaging

Ungdomar tilhøyrande Luster kommune vil bli prioritert. 

Vil du vere med? Send oss ein søknad!

Politiattest må leverast for ungdom over 15 år

Me ser etter deg som:

• Er over 13 år 

• Ønskjer å bidra til gode opplevingar for barn og unge 

• Likar å vere i aktivitet saman med andre 

 

 

 
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Helga Garborg Sie

+47 46812453

helga.sie@luster.kommune.no

Om bedriften

Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.300 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen har gode tenester, styrings- og kvalitetssystem. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bf5c6adc-d957-4340-8203-073b2a26e1ce

Sist endret

20. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3618207_227851_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser