Hopp til innhold

Naustdal omsorgssenter har ledig stilling som

Arbeidsgiver

Sunnfjord kommune Naustdal omsorgssenter

Sted

Sunnfjord

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

Vil du ha ein jobb der både fagkompetansen og omsorga di har betydning kvar dag  – for dei som treng det mest?  

Vi søker etter engasjerte sjukepleiarar som ønsker å bruke både fagleg tyngde og menneskeleg varme i kvardagen. Du får vere med i eit team som spelar kvarandre gode, har høg kompetanse, høgt tempo, mykje humor og ekte omsorg.

Naustdal omsorgssenter er det minste av seks omsorgssenter i Sunnfjord kommune. Vi yter tenester innan heildøgnsomsorg for personar som har behov for omsorg og medisinsk oppfølging gjennom døgnet. Eininga har 20,89 årsverk.

Hos oss møter du kollegaer med brei kompetanse innan demens, geriatri, akuttsjukepleie, lindrande behandling og personsentrert omsorg.  

Vi er stolte av å vere ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen, og vi jobbar kontinuerleg for å utvikle tenestene våre vidare.

Vi har ledig:

  • 100 % fast stilling for sjukepleiar
  • 100 % vikarstilling for sjukepleiar frå 01.04.2026 til 31.03.2027 

Du får ein variert kvardag i 3 -delt turnus, og det er mogeleg å jobbe langvakter og 4. kvar helg med samla langfri om du ønsker.

 

Kvalifikasjonskrav:

  • har norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • beherskar norsk godt - både munnleg og skriftleg

 

Vi søker deg som:

  • er engasjert og lærevillig
  • har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • har stor arbeidskapasitet
  • bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
  • har grunnleggande datakunnskapar - vi nyttar fagprogrammet Cosdoc
  • er endringsvillig og løysningsorientert
  • er trygg på å jobbe både sjølvstendig og i team
  • er trygg på å ta ansvar

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Gyldig politiattest må leggast fram før start i stillinga.

 

Vi tilbyr deg: 

  • eit arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og leiarar
  • ein arbeidsplass med fokus på kvalitet og pasientnær omsorg
  • moglegheit for fagleg utvikling og å bli ein del av eit kompetent og inkluderande miljø
  • variert arbeidskvardag
  • ein arbeidsplass det er lett å trivast på
  • fleksible turnusløysingar med moglegheit for å jobbe langvakter og 4. kvar helg med samla langfri
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • rekrutteringstillegg på kr 35 000 per år

Her blir du ikkje ein i mengda – du blir ein viktig del av eit lag som bryr seg, både om pasientane og kvarandre.

 

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar!

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Einingsleiar Renate Kvalstad

+47 952 47 301 +47 57 81 62 01

renate.kvalstad@sunnfjord.kommune.no

Om bedriften

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

be33eda6-abea-4e90-8ae5-e843f807adfe

Sist endret

11. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3586947_191711_nn

Lignende annonser

Sjukepleiar 80-100 % fast stilling

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Sundheimen

Sted

Skogsvåg