Sjukepleiar, i inntil 50% vikariat
Gulen kommune
Gulafjfordvegen 1519, 5960 Dalsøyra
Om jobben
- Stillingstittel
- Sone BBD. Tilsetjing i inntil 50% vikariat sjukepleiar frå etter avtale
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. april
Om stillinga
Gulen kommune har ledig i inntil 50% vikariat som sjukepleiar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå etter avtale til 31.01.2027. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra, med kortvakter i vekedagane. I utgangspunktet er det ikkje helg knytt til dette vikariatet, men dersom det er ynskjeleg å utvide stillinga med det, skal ein undersøkje moglegheitene for det.
Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver
- Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane
- Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
- Andre oppgåver som måtte kome til
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
- Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
be287e9d-cce8-4b86-abfa-7a735075ef24
- Sist endret
19. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10287719