Hopp til innhold

Sjukepleiar, i inntil 33% fast st.

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Gulafjfordvegen 1519, 5960 Dalsøyra

Om jobben

Stillingstittel
Sone BBD. Tilsetjing i inntil 33% fast sjukepleiar frå 01.06.26/etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 33%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 8. april

Om stillinga 

Gulen kommune har ledig i inntil 33% fast stilling som sjukepleiar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå 01.06.2026/etter avtale. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra, med kortvakter og arbeid kvar 3. helg.  Dersom det er ynskjeleg med langvakter kvar 4. helg, kan ein sjå på moglegheitene for det på sikt. 

Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra. 


Arbeidsoppgåver 

  • Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver
  • Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane
  • Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
  • Andre oppgåver som måtte kome til

I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg


Kvalifikasjonskrav 

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest 
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar 

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
  • Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Kontaktperson for stillingen

Aina Furebotn

Einingsleiar sone BBD

+4757781654

aina.furebotn@gulen.kommune.no

Om bedriften

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4f513241-ab36-49bd-87c9-d8f38edeab9a

Sist endret

19. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10287738

Lignende annonser

Laster lignende annonser