Hopp til innhold

Ferievikarar

Arbeidsgiver

Brønnøysundregistera

Sted

Havnegata 48, 8910 Brønnøysund

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikarar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
25

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

Om stillinga

Brønnøysundregistera treng di hjelp til å gjere viktige oppgåver og har fleire ledige stillingar som ferievikar i perioden 15.04.- 31.08.2026. Seinare oppstart og tidlegare sluttdato vil vere mogleg. Du må opplyse når du kan starte og kor lenge du kan jobbe. 


Arbeidsoppgåver 

  • saksbehandle i våre registre – registrere og kontrollere meldingar 
  • andre påkomande arbeidsoppgåver 

Kvalifikasjonar 

Du må ha  

  • fullført vidaregåande opplæring  
  • beherske bruk av PC som arbeidsverktøy godt  
  • ha god formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg  

 

Det er fint om du også har 

  • relevant praksis innanfor området  

  • Personlege eigenskapar

  • du må like å jobbe saman med andre og vere positiv til dei arbeidsoppgåvene som må gjerast  

  • Vi tilbyr

    Stillingane er lønna med etterskots timelønn (kroner 212 - 231 pr. time rekna ut frå ansiennitet). Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse frå lønna di. 

    Arbeidstida er i perioden 15.05. - 14.09. måndag-fredag kl. 0800-1500. Resten av året er arbeidstida 0800 – 1545.  


    Inkludering og mangfald er viktig for oss

    Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Har du hol i CV-en , nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju.


    Verd å merke seg før du søker

    Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din. 

    For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT. 


    Kontaktpersoner for stillingen

    Kjetil Mathisen

    gruppeleder

    +47 913 09 355

    kma@brreg.no

    Knut Anders Vongraven

    gruppeleder

    +47 971 97 450

    kav@brreg.no

    Om bedriften

    Vi satsar først og fremst på folk, og det har gjort oss til etaten med best omdømme i Noreg. Hos oss får du utvikle deg fagleg samtidig som du har god balanse mellom jobb og fritid. Vi veit at dei beste løysingane blir skapte av menneske som trivst både på og utanfor jobb.

    Bli med på laget som gjer det enklare å drive verksemd i Noreg, og som leverer dataa som held samfunnet i gang. Nå kan du bli ein av våre 470 kollegaer på Noregs vakraste arbeidsplass.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    bd4518b6-f32f-4284-9e9d-df104f6fb916

    Sist endret

    16. februar 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10282812

    Lignende annonser