Hopp til innhold

Vi har ledig vikariat som barne- og ungdomsarbeidar

Arbeidsgiver

Åseral kommune

Sted

Bordalsbakken 10, 4540 Åseral

Om jobben

Oppstart
3. august 2026
Stillingstittel
Vi har ledig vikariat som barne- og ungdomsarbeider
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager

Søk på jobben

Søk senest onsdag 20. mai

Er du modig, endringsdyktig og raus? Då håper me du les vidare og vurderar å bli med på laget vårt.

Åseral barne- og ungdomsskule søkjer etter ein engasjert barne- og ungdomsarbeidar som brenn for meistring, inkludering og eit godt læringsmiljø. Me er ein skule med omlag 115 elevar som ligg vakkert til i Kyrkjebygda i sentrum av Åseral, med idrettsanlegg og naturen som vår utvida læringsarena.

For skuleåret 2026-2027 vert det ledig eit vikariat i inntill 100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Åseral barne- og ungdomsskule.


Arbeidsoppgåver

Som barn- og ungdomssarbeidar ved skulen vil ein ha variasjon i arbeidsoppgåvene, det kan mellom anna innebere:

  • Oppfølging og veiledning kring enkeltelevar
  • Vere ein ressurs for læring i klasserommet i tett samarbeid med kontaktlærarar og faglærarar
  • Veiledning i friminutt
  • Arbeid på skulefritidsordninga

Kvalifikasjoner

  • Godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse.
  • Det må leggjast fram godkjend politiattest før tilsetjing.

Personlege eigenskaper

  • Du er engasjert: Du har stor fagleg kompetanse og stort engasjement.
  • Du er tydeleg: Du er ein tydeleg vaksen som er forutsigbar og set tydelege grenser.
  • Du er modig: Du tør å prøve nye metodar, utfordre det etablerte og stå støtt i krevjande situasjonar.
  • Du er endringsdyktig: Du har god endringskompetanse, er fleksibel og ser moglegheiter når planane må endrast.
  • Du er raus: Du har eit positivt elevsyn, er ein god lagspelar for kollegaene dine og bidreg til eit varmt arbeidsmiljø.
  • Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.

Vi kan tilby

  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lover og tariffar
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige tilsette
  • Me kan hjelpe til å finne bustad
  • Barnehageplass
  • Gratis SFO

    https://xn--flytttilseral-wfb.no/ 

Kontaktinformasjon

Kari-Anne Fosse, SFO-leiar, 90622746, Kari-Anne.Fosse@aseral.kommune.no
Jo Tore Berg, Einingsleiar/rektor, 97768787, Jo.Tore.Berg@aseral.kommune.no

Arbeidssted

Bordalsbakken 10
4540 Åseral

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Åseral kommune

Referansenr.: 5103351386
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 20.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Jo Tore Berg

Einingsleiar/rektor

97768787

Jo.Tore.Berg@aseral.kommune.no

Kari-Anne Fosse

SFO-leiar

90622746

Kari-Anne.Fosse@aseral.kommune.no

Om bedriften

Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland. 
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bd3edaea-2363-4de2-ba00-8911894fb01e

Sist endret

6. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

73c80e9bef884861909327ffa7275afa

Lignende annonser

Laster lignende annonser