Hopp til innhold

Helsefagarbeidar/student, to faste helgestillingar

Arbeidsgiver

Åseral kommune

Sted

Bordalsbakken 10, 4540 Åseral

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar/student, to faste helgestillingar
Type ansettelse
Fast, deltid 17%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest onsdag 20. mai

Fast helgestilling

Eining for omsorg har behov for å fylle på med fleire dyktige kollegaer. Vi søkjer difor etter deg som har fagbrev innan helsefag eller er student/skuleelev som studerer innan helsefag. 

Helgestillinga er på dag/kveld med arbeid kvar 3. helg (17,14%). Stillingane er i utgangspunktet inne på Åseralsheimen.


Arbeidsoppgåver

Eininga har ansvar for helse- og omsorgstenester til dei som bur eller oppheld seg i kommunen.   

På Åseralsheimen har vi 5 sjukeheimsplassar, 2 plassar på korttidsavdeling, 13 omsorgsbustadar der 5 av desse er på skjerma avdeling for demente. 

I heimetenesta har vi tenester til heimebuande som blant anna heimesjukepleie, praktisk bistand, tryggleiksalarm og matombringing frå eige kjøkken på Åseralsheimen.  Eininga arbeider for at både pasientar, brukarar og pårørande skal føle seg godt ivaretekne, og at vi leverer tenester av høg kvalitet tilpassa den einskilde sitt behov.

Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode og tilpassa tenester.

 

Arbeids og ansvarsområde er mellom anna:
  • Utføre helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
  • Kjenne til og bruke eininga sine prosedyrer og rutiner
  • Syte for presis, oppdatert og utfyllande dokumentasjon i journalsystemet vårt - Profil
  • Halde seg fagleg oppdatert
  • Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
  • Samarbeide og dele kompetanse på tvers av avdelingane

Kvalifikasjoner

Fagbrev som helsefagarbeider er ønskjeleg.

Studentar/elever som tek helsefaglig utdanning vil også bli vurdert, og blir oppmoda til å søkje.

Me ønskjer desse kvalifikasjonene:

  • God helsefagleg kompetanse
  • Gode samarbeidsevner på tvers av alle avdelingane
  • Gode datakunnskaper
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Søkjaren må ha førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlige egenskaper

  • Gode samarbeidsevner – flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team
  • Punktleg og strukturert
  • God kjennskap til bruk av IKT
  • Fleksibel og positiv
  • Evne til nytenkning og sjå nye løysingar
  • Glad i utfordringar
  • Evne til å opptre sjølvstendig, tek ansvar og initiativ
  • Interessert i å arbeide med eldre menneske

Det må leggjast fram godkjent politiattest før tilsetjing 

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tariffesta løn og god pensjonsavtale i KLP
  • Lokal lønnsavtale for elevar og studentar i relevant utdanning

Kontaktinformasjon

Camilla Verdal, Einingsleiar omsorg, 90952859, Camilla.Verdal@aseral.kommune.no

Arbeidssted

Bordalsbakken 10
4540 Åseral

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Åseral kommune

Referansenr.: 5124260811
Stillingsprosent: 17%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Camilla Verdal

Einingsleiar omsorg

90952859

Camilla.Verdal@aseral.kommune.no

Om bedriften

Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland. 
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4680d95e-724a-4a5f-bdd9-687a9aaec3ff

Sist endret

5. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

17c2380c188f41aaaafb8c087c9dbf7e

Lignende annonser

Laster lignende annonser