Assistent i heimetenesta i OOI
Open omsorg indre, Bremanger kommune
Granden 1, 6723 Svelgen
Om jobben
- Stillingstittel
- Assistent i heimetenesta i OOI
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. juli
Open omsorg indre har ledig fast 100% stilling som assistent i open omsorg indre. Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til at heimebuande får ein trygg, verdig og god kvardag, og som trivst med å jobbe sjølvstendig i eit fagmiljø med høg kvalitet og godt humør. Du vil ha base i Svelgen, men kunne yte tenester til brukarar i heile OOI.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk bistand og reingjering i heimen hos brukarar på kvardagar.
- Bidra til tryggleik, struktur og gode kvardagsrutinar
- Samarbeid med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar
- Dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer oss deg som har erfaring frå pleie- og omsorgsarbeid, men du er òg velkomen som søkjar dersom du har interesse for faget og ønskjer å lære.
Du må:
- legge fram politiattest av nyare dato
- ha førarkort klasse B
- beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein medarbeidar som er:
- motivert og fagleg engasjert
- sjølvstendig, strukturert og påliteleg
- god på relasjonar og trivst med å jobbe med menneske
- serviceinnstilt og løysingsorientert
Vi tilbyr
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage
- Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
- Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
- Rekrutteringstilskot til nytilsette; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
I tillegg får du:
- Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
- Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
- Rekrutteringstilskot til helsefagarbeidar/sjukepleiar/vernepleiar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet.
- Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
- Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
- Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310Arbeidsstad
Granden 16723 Svelgen og Davik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5149951202
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Hilde Gretha Hauge
Driftssjef open omsorg indre
+47 95989310
Om bedriften
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bd1d9ed2-5483-46bd-acd6-b9034d32fd08
- Sist endret
25. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
67b204a9cedb4e9fb8a6827b775bffa2