Hywer søker trainee: Maskiningeniør
Visere
Hafstadvegen, 6800 Førde
Om jobben
- Type ansettelse
- Trainee, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
I Hywer vil du fort oppdage at ingen prosjekt er like. Med ei unik breidde i prosjekt og kompetanse er vi involverte i alle fasar av bygginga av eit vasskraftverk. Vi torer å tenke utanfor boksen og er alltid på jakt etter dei beste løysingane, både for kundane våre og naturen rundt oss. Det gir rom for å vere kreativ og tenke nytt når du jobbar i Hywer. No ser vi etter ein trainee som vil jobbe med prosjekt innan fornybar energi og vere med og utvikle vasskraftprosjekt frå idé til ferdig anlegg. Hos oss blir du del av eit fagleg sterkt og inkluderande miljø, der du får jobbe tett på erfarne kollegaer og lære mykje – fort.
"Det beste med å jobbe i Hywer er at du jobbar med så forskjellige folk med ulik bakgrunn og kompetanse, samtidig som du jobbar tverrfagleg med komplette prosjekt. Du lærer ekstremt mykje av både folka og prosjekta." Bjarte Seim, Avdelingsleiar i Hywer
Kvifor starte karrieren hos Hywer?
Hos oss får du innsyn i alle fasar av bygginga av eit vasskraftverk og arbeide med prosjekt som bidreg til fornybar energiproduksjon. Du vil garantert bli utfordra og ha ei bratt læringskurve, samtidig som du har dyktige og erfarne kollegaer rundt deg. Som trainee vil du få ein trygg start på ingeniørkarrieren med tett fagleg oppfølging.
Arbeidsmiljøet er prega av at vi har alle typar menneske i staben: ingeniørar, fagarbeidarar, leiarar og seljarar, bilinteresserte, kulturinteresserte og sportsinteresserte, dei som pratar mykje og dei som pratar lite. Her kan alle finne sin plass. Sjølv om vi har ulike arbeidsoppgåver og nokon jobbar på kontor, medan andre er på anlegg, samlast vi til lunsj når vi kan. Lunsjen er eit viktig og triveleg samlingspunkt i Hywer. For å sikre godt samarbeid med dei ulike avdelingane i selskapet, reiser vi på tur fleire gongar i året for å bli betre kjende. Og om du blir del av Hywer sitt eige bedriftsidrettslag, ventar toppturar, kajakkurs, klatring og anna moro for deg som likar å vere aktiv.
«Det er kjekt å jobbe i Hywer. Her har vi dyktige kollegaer, fleksible arbeidskvardagar og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Det er både spennande og framtidsretta å jobbe med fornybar energi, og vi er ein framoverlent gjeng som alltid søker (innovative) løysingar for å kunne realisere nye prosjekt.»
Per Gunnar Alseth, Ingeniør, Sal og Leveranse
Arbeidsstaden din vil vere ved hovudkontoret vårt i Dale i Sunnfjord – kanskje Norges flottaste kontor? Her vil du jobbe i moderne, lyse og opne lokale med store vindauge mot fjord og fjell. Les gjerne meir om eit rikt kultur- og friluftsliv i Fjaler på Sunnfjord.no
Kva går traineestillinga ut på?
Du vil jobbe i tverrfaglege team, saman med prosjektleiarar, prosjekteringsleiarar og andre fagressursar, og få god oppfølging og rettleiing undervegs. Som maskiningeniør-trainee vil du jobbe med gjennomføring av vasskraftprosjekt, der hovudfokuset er:
Teknisk prosjektering av vasskraftløysingar
Planlegging og oppfølging av aktivitetar i prosjekt
Fagleg støtte gjennom heile prosjektets livsløp – frå forprosjekt til idriftsetjing
Utarbeiding av tekniske berekningar, teikningar og modellar
Bidrag til teknisk kvalitet, framdrift og gode løysingar i prosjekta
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er nyutdanna maskiningeniør (bachelor eller master), og som er nysgjerrig på vasskraft, energi og prosjektarbeid. Er du engasjert og komfortabel med å utfordre etablerte måtar å jobbe på, vil du passe godt inn hos oss. Godt samarbeid er noko vi set høgt i Hywer. Vi håpar du:
Har utdanning innan maskinfag eller tilsvarande
Er motivert for å lære og utvikle deg fagleg
Trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid i team
Er strukturert, løysingsorientert og teknisk interessert
Kommuniserer godt på norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
Har du spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med Bjarte Grytli Seim, Avdelingsleiar prosjektering
📞 45 40 17 18
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august til august.
OM HYWER
Hywer er ein leiande leverandør av løysingar innan vasskraft, og leverer alt frå enkeltkomponentar til komplette vasskraftanlegg. Vi har erfaring frå nær 90 kraftverk og over 600 vasskraftprosjekt, og jobbar i heile verdikjeda – frå design og prosjektering til bygging og idriftsetjing. Vi er i dag rundt 45 tilsette, med hovudkontor i Dale i Sunnfjord, og er eit heileigd dotterselskap i Saint-Gobain-konsernet. Her kombinerer vi tryggleiken frå eit stort konsern med raske avgjerder og stor påverknad i kvardagen.Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bd11ad58-3540-40bd-b672-996d2e33076b
- Sist endret
4. februar 2026
- Hentet fra
teamtailor
- Referanse
teamtailor-7113042-1821413
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Framtidsfylket AS
Sted
Dale i Sunnfjord
Ingeniør maskinteknikk og konstruksjon
Arbeidsgiver
Hywer AS
Sted
Dale i Sunnfjord
Arbeidsgiver
Visere
Sted
Førde