Hopp til innhold

Ingeniør innan maskinteknikk og konstruksjon

Arbeidsgiver

Hywer AS

Sted

Dalstunet 15, 6963 Dale i Sunnfjord

Om jobben

Stillingstittel
Ingeniør maskinteknikk og konstruksjon
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Vil du vere med og byggje fornybar energi saman med ein framoverlent og erfaren organisasjon?

Hywer opplever auka oppdragsmengde og søkjer ein engasjert og teknisk interessert maskiningeniør til vår prosjekteringsavdeling.

Hywer er leiande på utvikling av berekraftige løysingar til vasskraftbransjen. Vi leverer komponentar og utstyr til nokre av dei største vasskraftprosjekta i landet, og har i tillegg fleire kraftverk under bygging og prosjektering for ulike kundar. Som ingeniør hos oss blir du del av eit fagleg sterkt og erfarent team som utviklar løysingar og konstruksjonar for eit breitt spekter av prosjekt.

Vi har eit unikt og breitt fagmiljø med kompetanse innan design, produktutvikling, prosjektleiing, montasje, innkjøp og logistikk -- både innan mekaniske fag, byggfag og elektro. Med totalansvar for både komplette vasskraftanlegg og komponentleveransar, stor moglegheit til påverknad og direkte læring frå prosjekt til prosjekt.

Hos oss får du ein variert, utviklande og meiningsfull arbeidskvardag -- saman med gode kollegaer.

Vi ser etter deg som ønskjer å utvikle både deg sjølv og kraftbransjen, som er teknisk nysgjerrig og trivst i tverrfaglege team.

Arbeidsoppgåver
  • Konstruksjon og berekning av mekaniske vassvegskomponentar
  • Prosjektering og tekniske løysingar for vasskraftsystem
    • FE-analysar og 3D-modellering

    • Prosjekteringsleiing

    Kvalifikasjonar
  • Ingeniør eller sivilingeniør innan mekaniske fag
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskapar
  • Evne og interesse for å setje seg inn i komplekse tekniske problemstillingar
  • Strukturert og sjølvstendig, samstundes som du trivst i team
  • Proaktiv, initiativrik og løysingsorientert
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Vi tilbyr
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
  • Konkurransedyktige vilkår, samt gode pensjons og forsikringsordningar
  • Fleksitidsordning og gode moglegheiter til å påverke eigen arbeidshverdag
  • Ei unik moglegheit til å bidra i vidareutviklinga av ein organisasjon i vekst

    Arbeidsstad: Dale i Sunnfjord

    Om bedriften

    Hywer er ein leiande leverandør av utstyr, tenester og totalentreprisar innan vasskraft. Vi betener den norske marknaden og har ambisjonar om internasjonal vekst.

    Vi har erfaring frå bygging av nær 90 kraftverk og over 600 andre vasskraftprosjekt. Kompetansen vår spenner over heile verdikjeda -- frå design, prosjektering og produktutvikling til produksjon, logistikk, utbygging og idriftsetjing. Dette gjer oss i stand til å tilby kostnadseffektive og gode løysingar for kundane våre.

    Hywer er eit sjølvstendig heileigd dotterselskap i SaintGobainkonsernet, som har verksemd i 76 land og over 166 000 tilsette. I Noreg er vi i konsern med Optimera, Brødrene Dahl, Flisekompaniet og Ventistål. Hywer har i dag 45 tilsette og ei omsetning på 500 millionar kroner.

    Hovudkontoret vårt ligg i Dale i Sunnfjord, med om lag 30 tilsette. Vi har òg kontor i Oslo, samt tilsette i andre delar av landet.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    61d7d2b6-2d32-4a5d-b9b3-cb43109fed4e

    Sist endret

    21. januar 2026

    Hentet fra

    FINN

    Referanse

    446382751

    Lignende annonser