Hopp til innhold

Helsefagarbeidar ved Seljetunet 

Arbeidsgiver

Seljetunet omsorg og rehabilitering, Stad kommune

Sted

6740 Selje

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar ved Seljetunet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
3

Søk på jobben

Søk senest mandag 27. juli

Helsefagarbeidar – fleire faste stillingar ved Seljetunet

Vil du ha meir samanhengande fritid, påverke eigen turnus – og jobbe ein stad der innspela dine blir tatt på alvor?
Vi har no fleire ledige faste stillingar som helsefagarbeidar ved Seljetunet – og vi vil gjerne ha deg med på laget!

Dette får du hos oss

  • Langvakter frå desember → meir fri, færre oppmøte
  • Fleksibel turnus (årsarbeidsplan)
  • Moglegheit til å påverke eiga arbeidstid og turnus
  • Inntil 10 % frie timar – jobb ekstra når det passar deg
  • Moglegheit for fleire helgar i turnus mot ekstra kompensasjon
  • Sommaravtale med ekstra kompensasjon
  • Eit miljø der vi testar nye løysingar og tenkjer nytt

Ein jobb med meining – og utvikling

  • Hos oss jobbar du tett på menneske – og får brukt både fagkunnskap og personlege eigenskapar kvar dag.
  • Du blir ein del av eit fagmiljø som:
    - Satsar på utvikling og kvalitet
    - Ønskjer nye idear frå tilsette
    - Gir deg moglegheit til å påverke
  • Er du lærling og snart ferdig, eller ønskjer du fagbrev?
  • Hos oss legg vi til rette for at du kan ta fagbrev på jobb!
Om arbeidsplassen

Seljetunet gir tenester til bebuarar i institusjon og bufellesskap. Vi har:

  • 47 plassar totalt
  • 31 langtidsplassar i institusjon
  • 16 bemanna omsorgsbustader
  • Eigne tilbod innan korttids- og avlastingsopphald
  • Vi har også eige institusjonskjøkken og eit sterkt fokus på gode kvardagar for bebuarane våre.
Kven er du?
  • Du er helsefagarbeidar – eller ønskjer å bli det
  • Du likar å jobbe med menneske
  • Du er fleksibel og open for nye måtar å jobbe på
  • Du ønskjer ein jobb der du kan utvikle deg

Arbeidsoppgåver

  • Utføre pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
  • Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Samarbeid med pårørande
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rettleie lærlingar, medarbeidarar og andre

Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
  • Er du lærling oppfordrar vi deg til å søkje
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Fokus på etikk 

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område kommunen har behov for
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Årsturnus der 10 % av stillinga kan vere frie timar.
  • Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar og sommaravtale i turnus, mot ekstra kompensasjon
  • Høve til å inngå avtale om langvakter på helg (kvar fjerde helg), og i vekedagane for lengre friperiodar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodgjersle
  • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga.

Stad kommune har seks månader prøvetid. 

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Kontaktinformasjon

Stine Fylling, Avdelingsleiar Seljetunet, 98482449, stine.fylling@stad.kommune.no
Heidi Munch Starheim, Einingsleiar, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no

Arbeidsstad


6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5146533865
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.07.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Heidi Munch Starheim

Einingsleiar

48045210

heidi.munch.starheim@stad.kommune.no

Stine Fylling

Avdelingsleiar Seljetunet

98482449

stine.fylling@stad.kommune.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bc802aaa-2a2e-4265-a3e2-4de08038f912

Sist endret

17. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1a60d48c42e6453bbe93475a4221bb76

Lignende annonser

Laster lignende annonser