Helsesjukepleiar i Selje
Helse, Stad kommune
Seljetunvegen 24, 6740 Selje
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsesjukepleiar i Selje
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. august
Ledig vikariat 100% stilling som helsesjukepleiar i Selje
Ein av våre tilsette skal avvikle permisjon frå 17. november 2026. Vi ønskjer om mogleg oppstart før dette tidspunktet, for å sikre ei god overlapping. Vikariatet gjeld i første omgang fram til 07.09.2027, truleg med forlenging.
Stad kommune har helsestasjonslokale både i Selje og på Nordfjordeid, med felles leiing. Helsestasjonen har åtte årsverk for helsesjukepleiar. To er tilsette i Selje og seks på Nordfjordeid.
Jordmorressursen vår er på God Start i Helse Førde sine lokale. Fysioterapeut er knytt til helsestasjonen og vi har eit nært tverrfagleg samarbeid med andre som gir tenester til barn og unge.
Helsestasjonen, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom er organisert i eininga for helse saman med
- jordmorteneste
- fysio- og ergoterapitenesta
- helseteknologi
- Frisklivssentralen
- legetenesta
I denne stillinga i Selje vil du arbeide både med helsestasjon og skulehelseteneste opp til 10. klasse. Helsestasjon for ungdom og vidaregåande skule er lokalisert på Nordfjordeid.
Stad kommune er oppteken av tverrfagleg samhandling kring born og unge, vi arbeider etter BTI-modellen (Betre tverrfagleg innsats), der helsestasjonen har ei sentral rolle.
Som helsesjukepleiar arbeider du med helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn og unge. Du samarbeider tett med føresette og med andre faggrupper, og er ein viktig bidragsytar i kommunen sitt folkehelsearbeid
Vi ønskjer oss ein medarbeidar som er:
- engasjert og fagleg interessert
- motivert for arbeid med barn og unge
- god på samarbeid og relasjonsbygging
Hos oss får du:
- eit godt fagmiljø og tett samarbeid på tvers av tenester
- varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- moglegheit til å bidra i utvikling av tenestene
Arbeidsoppgåver
- Helseopplysning og helsesamtale
- Kartlegging og oppfølging av barn og ungdom si helse, trivsel og utvikling
- Foreldresamtale og foreldrerettleiing
- Undervisning i grupper og skuleklasser
- Vaksinasjon
- Koordinatoransvar og tverrfagleg samarbeid
- Journalføring i fagprogram
- Arbeider etter gjeldande lover og retningsliner
Kvalifikasjonar
- Helsesjukepleiarutdanning
- Sjukepleiarar med særleg interesse for fagfeltet, eller som har planar om å ta vidareutdanning som helsesjukepleiar, vil også bli vurderte dersom vi ikkje får søkjarar med relevant helsesjukepleiarkompetanse. For søkjarar utan vidareutdanning i helsesjukepleie vil arbeidsoppgåvene bli tilpassa kompetanse og avgrensa til eigna ansvarsområde
- Sertifisering innan ICDP og Cos-P eller andre foreldrerettleiingsmetoder er ein fordel
- God datakompetanse er nødvendig
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Førarkort klasse B
- Disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
- Du må ha gode samarbeidsevner og vere motivert for å arbeide med barn og unge
- Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga
- Medverkar i utviklingsarbeid
- Trygg i kommunikasjon med barn, unge og føresette
- Er sjølvstendig, fleksibel og strukturert
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Mogleg fagleg og personleg utvikling
- Godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverket
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Stad kommune har 6 månadar prøvetid. Vi ber om at relevante vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ber om at du oppgir relevante referansar av nyare dato. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!
Kontaktinformasjon
Britt Åslaug Tomasgard, Avdelingsleiar , 95128538, Britt.Tomasgard@stad.kommune.noLinda Gotteberg, Einingsleiar helse, 41694203, linda.gotteberg@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Seljetunvegen 246740 Selje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5147543959
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 16.08.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
23792843-dfbd-44e5-89c4-82b1422cc340
- Sist endret
3. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a43d94ed0e00451aaa762c8b2f4375e8