Hopp til innhold

Barne- og ungdomsarbeidar

Arbeidsgiver

Vestly idrettsbarnehage, Time kommune

Sted

Vestlyvegen 117, 4347 Lye

Om jobben

Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 28. april

Vestly idrettsbarnehage utvider og har derfor ledig faste stillingar som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.08.26.
I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.  

Vestly idrettsbarnehage er ein 10-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter som ligg midt mellom Bryne og Lye. Me er den største barnehagen på Jæren med ein kapasitet til 180 barn, som likevel gjev tryggleik og mestring til alle barna her. Barnehagen er ein stor moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom, gymsal, eiga personalavdeling og uteområde som kan delast i 3. Me har eigen minibuss som vert nytta kvar dag til ulike destinasjonar for barn over 3 år, samt elsyklar som vert nytta til turar i nærområdet. Me har eigen kokk som lagar varm lunsj, samt havregrynsgrøt til frukost og heimelaga brød til fruktmåltidet kvar dag.
Barnehagen har fleire fellesdagar der alle barn og vaksne deltek, og fokuset er på inkludering, meistring, rørsle og gøy. Me er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi, Stine Sofie stiftelsen sitt kompetanseløft og ASK. Me er også praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga ved UIS samt lærlingplass for både barne- og ungdomsarbeidar og kokk. I tillegg har me elevar inne frå både ungdoms- og vidaregåande skule i praksis. 

Me har pedagogar, sosionom, spesialpedagog, fagarbeidarar, kokk og lærlingar. I administrasjonen er det styrar og assisterande styrar.

Barnehagen skal, barnehageåret 2026–2027, ha barn på 8 avdelingar med i alt 130 barn.

Her kan du sjå litt frå kvardagen i barnehagen:  https://vestlybhg.no/

Ikkje nøl med å ta kontakt om dette ser interessant ut eller du undrar på noko.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeida målretta i tråd med lovverk og barnehagen sitt eige planverk i nært samarbeid med dei andre tilsette på avdelinga og i barnehagen
  • Arbeida i tråd med barnehagen sitt barnesyn
  • Arbeida for eit trygt og godt barnehagemiljø for både enkelt barn og barnegruppe, foreldre og tilsette
  • Foreldresamarbeid på avdelinga
  • Gje barna ein god og trygg start på livet 
  • Skapa trivsel og utvikling, for både barn, personalet og føresette 
  • Er aktiv saman med barna i kvardagen

Kvalifikasjonar

  • Du har godkjent fagbrev barne- og ungdomsarbeidar. 
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode norske språkferdigheiter - både skriftlege og munnlege. For jobb i barnehage er det språkkrav etter barnehagelova §27 og §28

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysningsorientert og målbevisst
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Gode evne til å synleggjera teori i praksis, aktiv, framtidsretta og nytenkjande
  • Du har godt humør, og bidreg til å skapa trivsel og humor i kvardagen
  • Du ser, forstår og har mot til å handla saman med kollega, barn og føresette
  • Du har eit ynskje om å vidareutvikla barnehagen 
  • Du har fokus på kosthald og rørsleglede
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
  • Erfaring frå stor barnehage er ynskjeleg
  • Personlege eigenskapar og egnetheit vil verta vektlagt

Me tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling 

Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

Kontaktinformasjon

Svein Magne Wilson Særheim, styrar, 47663145, svein.magne.wilson.saerheim@time.kommune.no

Arbeidsstad

Vestlyvegen 117
4347 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5112862185
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 28.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Svein Magne Wilson Særheim

styrar

47663145

svein.magne.wilson.saerheim@time.kommune.no

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bc523c49-1c11-4fba-8ed9-402f9172a701

Sist endret

14. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8dbb1fb62d0f4be28b9e04a09cd7a929

Lignende annonser

Laster lignende annonser