Hopp til innhold

Ungdomsrettleiar

Arbeidsgiver

Ungdom & Fritid, Time kommune

Sted

Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne

Om jobben

Stillingstittel
Ungdomsrettleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

I Time kommune trur me på krafta som ligg i gode relasjonar, trygge fellesskap og vaksne som ser ungdom – kvar dag, i kvar situasjon. Strategiplanen for oppvekst peikar på at barn og unge skal få kjenna seg setthøyrt og inkludert, og at me saman skal skapa miljø der dei får utvikla mot, meistring og framtidstru.  

Me står i ei tid med endring, utvikling og nye behov – og ungdomsarbeidet er ein sentral del av svaret. Planen løftar fram betydninga av samhandlingførebygging og tidleg innsats, og at ulike profesjonar må spela kvarandre gode for å gi ungdommane den støtta som verkeleg betyr noko.  

Saman skal me byggja eit inkluderande samfunn der ungdom møter vaksne som bryr seg, som lyttar, og som gir dei rom til å bli den beste versjonen av seg sjølve. 

Om stillinga 

Me søkjer ein engasjert, fagleg trygg og relasjonssterk ungdomsrettleiar som vil spela ei nøkkelrolle i utviklinga av Ungdom & Fritid. 

Stillingen er sentral for å skapa synergiar mellom Ungdomsteamet og fritidsklubbane – med tettare samarbeid, betre informasjonsflyt og meir heilskapleg forståing av heile avdelinga. Du blir ein viktig bidragsytar i å utnytte kompetansen smart, styrke erfaringsoverføring og gi avdelinga større fleksibilitet når arbeidsmengde og behov endrar seg. Det vil påreknast noko kveldsarbeid i stillinga. 


Arbeidsoppgåver

Du får ei variert og meiningsfull rolle med oppgåver som: 

  • Oppfølging av ungdommer i Ungdomsteamet
  • Vera kommunens kontaktperson i Glidelåsprogrammet
  • Ansvar for lokal forankring i FLYT - programmet
  • Klubbmedarbeidar i fritidsklubb
  • Bidra til samarbeid på tvers av tenester og fagmiljø
  • Byggja relasjonar og trygge fellesskap for ungdom i ulike situasjoner

Kvalifikasjonar

Krav:
  • Bachelorutdanning 
  • Sertifikat på personbil
Bør ha kunnskap om: 
  • Ungdomsutvikling og psykisk helse 
  • Relasjonsarbeid 
  • Tverrfagleg samarbeid 
  • Førebyggjande arbeid og tidleg innsats 

Erfaring: 

  • Med ungdom (skule, institusjon, fritidstilbod, barnevern eller tilsvarande) 
  • Erfaring med sårbare eller utsette ungdommer 
  • Samarbeid med foreldre og andre tenester

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar som vedlegg i webcruiter. 

Personlege eigenskapar

  • Gode relasjons- og kommunikasjonsferdigheter
  • Tillitskapande
  • Kan arbeide sjølvstendig og i team 
  • Er fleksibel og god på struktur 
  • Målretta og kreativ 

Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Menn blir oppmoda til å søkje på stillinga.

Vi tilbyr

  • En spennende stilling med varierte arbeidsoppgåver
  • Dyktige og dedikerte kollegaer
  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter gjeldande tariff
  • Godt og triveleg arbeidsmiljø

 Politiattest må leverast før oppstart. 

Kontaktinformasjon

Eivind Smith Svendsen, Avdelingsleder, +47 90256455, eivind.smith.svendsen@time.kommune.no

Arbeidsstad

Arne Garborgs veg 30
4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5103861881
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Eivind Smith Svendsen

Avdelingsleder

+47 90256455

eivind.smith.svendsen@time.kommune.no

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5f1ffddc-531d-4916-8f7a-fe72d7efcabe

Sist endret

30. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

de144de5594b40539d9b1e8219853c4f

Lignende annonser

Laster lignende annonser