Barne- og ungdomsarbeidar
Vestre Slidre kommune
Viovegen, 2966 Slidre
Om jobben
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 27. januar
Me har ledig 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar i Slidre kulturbarnehage frå og med 15.03.2026.
I tillegg er det behov for tilkallingsvikarar.
Merk i din søknad kva du søker på.
Slidre kulturbarnehage er ein kommunal barnehage med 5 avdelingar, fordelt på to bygg. Barnehagane ligg sentralt plassert i byggefeltet rett opp for skulen og kommunesenteret i bygda. Vi har ei erfaren og stabil personalgruppe som gjennom god omsorg og tett foreldresamarbeid har som mål å gje kvart enkelt barn ein god dag – kvar dag.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg omsorg for det enkelte barn og barnegruppa
- Bidra til at barnehagen er ein trygg og god oppvekstarena
- Bidra til utvikling av det psykososiale miljøet, samt lærings-og danningsmiljøet i barnegruppa
- Medansvar for at den pedagogiske verksemda blir drive i samsvar med overordna mål, lover og retningsliner for barnehageverksemda
- Bidra til godt foreldre-og personalsamarbeid
- Koma med innspel til innhald på møter, samt delta aktivt i møta.
- Medverke til at samarbeid på avdelinga, på tvers av avdelingar og barnehagar fungerar optimalt, og medverke til eit godt psykososialt arbeidsmiljø.
- Medansvar i forhold til rettleiing.
Kvalifikasjonar
- Fagarbeidar innan barne-og ungdomsarbeidarfaget
- Ufaglærte med erfaring kan også bli vurdert om det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar
- Beherskar god kommunikasjon, munnleg og skriftleg. Må beherske PC som verktøy
Personlege eigenskapar
- Er ein fleksibel, aktiv og fagleg engasjert vaksen med evne til å begeistre.
- Er genuint oppteken av barns beste, med fokus på tryggheit, omsorg og relasjonsskaping.
- Er påliteleg, positiv og har gode samarbeidsevner- og vilje.
- Har evne til å reflektere over eigen og kollektiv pedagogisk praksis for å skape utvikling og læring.
- Har evne til å søke, kunne ta i mot, og gi veiledning.
- Bidra inn i forhold til kunst, kultur og kreativitet.
- Er glad i å væra i aktivitet ute.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
- Politiattest må bli levert før oppstart.
Vi tilbyr
- Ein allsidig og spennande jobb!
- Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av
gjeldande lover, reglement og tariffavtalar - Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Karin Årnes Midthus, Assisterande styrarKristin Bråten Tvenge, Styrar, 94803824, Kristin.Braten.Tvenge@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidsstad
Viovegen2966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 5055606630
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Karin Årnes Midthus
Assisterande styrar
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.noSektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bb6a7030-a3b8-4efb-89d7-fd2174e2445b
- Sist endret
13. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f9a1422882894771b85cda15a15538b7
Lignende annonser
Fagarbeidarar i barnehage - 100 % vikariat
Arbeidsgiver
Vang Kommune
Sted
Ryfoss
Tilkallingsvikar barnehage
Arbeidsgiver
Ranheim Naturbarnehage SA
Sted
Fagernes
Barnehagehjelp
Arbeidsgiver
Heggebø Friluftsbarnehage SA
Sted
Heggenes, Innlandet