Hopp til innhold

Fagarbeidar i barnehage -100 % vikariat

Arbeidsgiver

Vang Kommune

Sted

Hørevegen 270, 2973 Ryfoss

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidarar i barnehage - 100 % vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vil du vere med og skape magiske barnehagedagar?

Vang kommune har ledige vikariat for fagarbeidar i Høre barnehage frå januar til juli 2026 – med mogleg forlenging. Me ser etter deg som har eit stort hjarte for barn, og som vil vere med å gi dei ein trygg, spennande og lærerik start på livet.

Høre barnehage – midt i naturen, med gymsal, stort uteområde og turar til gapahuken i skogen. Her er leik og læring i fokus, og me nyttar nærmiljøet aktivt.

Kvifor velje oss?

Hos oss får du ein kvardag der latteren sit laust, og der du kan bruke både kreativitet og fagkunnskap. Me jobbar etter satsinga SmartOppvekst, som handlar om å bygge gode eigenskapar, styrkar og livsmeistring – både hos barna og oss vaksne.

Dette får du hjå oss:

  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø der me heiar på kvarandre
  • Variasjon og opplevingar – ingen dagar er heilt like
  • Løn etter tariff, gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp til bustad om du treng det
  • Og ikkje minst: I Vang er det godt å bu! Fjell, vatn og natur rett utanfor døra.

Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i leik og aktivitetar
  • Medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, blant anna aktivitetar, samlingsstund og leik
  • Medansvar for at dei praktiske arbeidsoppgåvene vert gjennomført i samarbeid med øvrig personale

Kvalifikasjonar

  • Du har:
    • Fortrinnsvis fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre med relevant fagutdanning/fagbrev oppmodast også til å søkje
    • Andre utan fagbrev, men med anna relevant utdanning/erfaring kan også søkje
    • Gode norskkunnskapar

    Godkjent politiattest skal leverast ved tilsetjing

    Personlege eigenskapar

    Me ser etter deg som

    • som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
    • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
    • er opptatt av å skape gode relasjonar til barna, foreldre og kollegaer
    • er strukturert og endringsvillig

    Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.

    Kontaktinformasjon

    Heidi Lynge Kvale, Styrar i Høre- og Fredheim barnehage, 46488746/ 90580529, Heidi.Lynge.Kvale@vang.kommune.no

    Arbeidssted

    Hørevegen 270
    2973 Ryfoss

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Vang Kommune

    Referansenr.: 5062589658
    Stillingsprosent: 100%
    Vikar
    Søknadsfrist: 29.01.2026

    Om bedriften

    Vang kommune som arbeidsgjevar: 

    • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
    • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
    • Vang kommune har nynorsk som skriftspråk
    • Vang kommune er ein tobakksfri arbeidsplass og ein kan ikkje nytte tobakk i betalt arbeidstid.

    Å bu i Vang kommune: 

    • Ei storstilt satsing på barn og unge!
    • Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
    • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og barnehagesprisen per barn 1500 kr 
    • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
    • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
    • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
    • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
    • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
    • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
    • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
    • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
    • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
    • Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

     

     

    Vang kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. 

    Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. 

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    071b13e2-dad0-40d6-82b6-94a984a97b16

    Sist endret

    30. januar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    3dd0012c0d914efab5fb098dd0b35b61

    Lignende annonser