Hopp til innhold

15% helgestilling som kokk / kokkemedarbeidar ved Omsorgstenesta vest, Utneheimen

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Utneheimen

Sted

Fjrodavegen 4199, 5778 Utne

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid 15%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 22. juni

Ledig fast helgestilling , 15 % , som kokk / kokkemedarbeidar

Arbeidsstad: Omsorgstenesta vest

 

Pleie og omsorg vest er stasjonert på Utne og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både sjukeheim , dagtilbod, kjøkken og heimetenester. På kjøkkenet lager me mat til pasientane på sjukeheimen og  til pasientar som bur i heimen og som ikkje klarer å lage mat sjølv.  

Personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta. 

Sjukeheimen består av 24 plassar, der 6 av dei er tilrettelagt  for personar med demenssjukdom, og 2 er korttidsplassar. I heimetenesta yter me tenester til om lag 75 pasienter. 

 

I Omsorgstenesta vest har me eit fleirkulturelt miljø, og tenestene me utfører er mange og ulike.

Så me har ein innhaldsrik og spennande arbeidskvardag .  Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester ,  tenester som er tilpassa kvar enkelt. 

Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer . Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat.

God opplæring vert gitt . 


Arbeidsoppgåver:
  • Tilberede frukost , lunsj og kveldsmat

  • Lage middag 

  • Lage mat som er tilpassa pasientane sine behov

  • Bake 

  • Reinhald


Kvalifikasjonskrav:

  • Ynskjeleg med fagbrev som kokk, men ikkje eit krav

  • Ynskjeleg med erfaring frå arbeid på institusjonskjøkken eller anna storkjøkken 

  • Gode norskkunnskapar


Personlege eigenskapar:
  • Gode samarbeidsevner

  • Positiv og godt humør

  • Engasjert 

  • Endringsdyktig

  • Fleksibel

  • Punktlig og strukturert 

 

Me tilbyr:
  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Lønn etter hovudtariffavtalen

  • Moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Årsturnus

  • Gode permisjons- og pensjonsvilkår

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.


Krav:

  • Politiattest jfr gjeldande lov



  • Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

    Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

    Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


    Til orientering om Offentleglova:

    Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
    For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
    I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
    "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


    Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

    Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Kari Skare Storhei

    +47 90999842

    kari.storhei@ullensvang.kommune.no

    Om bedriften

    - ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    ba601e8c-067b-4588-93c3-3a84a81c050e

    Sist endret

    9. juni 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3635889_191021_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser