Hopp til innhold

Pedagogisk leiar i Stordal barnehage

Arbeidsgiver

Fjord kommune

Sted

Vinjehjellane 9, 6250 Stordal

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Pedagogisk leiar i Stordal barnehage - Fjord kommune
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Fjord kommune har ledig eit 100 prosent vikariat som pedagogisk leiar i Stordal barnehage frå 1. august og ut året. Kan vere aktuelt å forlenge utover våren 2027. 

Stordal barnehage ligg sentralt til i bygda Stordal med tilgang til eige uteområde og natur i nærområdet. Barnehagen har pr. i dag 9 tilsette (assistent, barne- og ungdomsarbeidarar, ped.leiarar og styrar) + lærling fordelt på 28 barn. Alle barn i Stordal barnehage skal oppleve tryggleik og inkludering i barnehagen. Barna skal verte lytta til og takast på alvor. Barnehagen har to avdelingar - Rådyrskogen for barn i alderen 3 - 6 år, og Eplehagen for barn i alderen 0 - 3 år. Stordal barnehage er heilt ny og vart opna hausten 2019. 


Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode høve til utvikling og aktivitet i nær forståing og samarbeid med heimen til barna. Barnehagen skal hjelpe til med å gi barna ei god oppseding i samsvar med kristne grunnverdiar.Barna skal føle seg sett, høyrt og likeverdige.
  • Barna skal oppleve barnehagen trygg og inkluderende.
  • Barna skal oppleve vennskap og samhald.
  • Barna skal lære seg å ha respekt for kvarandre, og verdsette dei likheiter og ulikheiter som finst i barnehagen

Oppstart snarast muleg eller etter avtale. Søkjarar vert kalla inn til intervju


Arbeidsoppgåver

  • Pedagogisk leiar ha ansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet, i tråd med godt fagleg skjønn.
  • Veileding og sørgje for at barnehageloven og rammeplan oppfyllast
  • Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa.
  • Skape ein barnehagekvardag med rom for fordjuping i temaarbeid
  • Medansvar i arbeidet med HMS
  • Ta imot og gi pedagogisk veileding
  • Tilretteleggje for samarbeid med føresatte og gjennomføring av samtale og møter.
  • Ansvar for IUP-arbeid til barn på avdelinga som har vedtak

Kvalifikasjonar

  • Barnehagelærar eller anna 3-årig pedagogisk høgskoleutdanning med årsstudium i barnehagepedagogikk.
  • God datakunnskap og har erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy
  • Må kunne norsk godt munnleg - kommunen har nynorsk som målform.
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Du er sjølvstendig, løysingsorientert og flink til å samarbeide
  • Du har erfaring frå fagområdet, arbeide målretta og engasjere andre.
  • Du er kreativ og visar initiativ til forbetring/utvikling for deg, kollega og barnehagen totalt. 
  • Du har positiv innstilling og godt humør
  • Du har god digital kompetanse
  • Du er ein god rollemodell og flink til å rettleie

Vi tilbyr

  • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
  • Barnehagelærar får lønn lik 10 års ansiennitet eller meir
  • Pedagogisk tilllegg er per dd. 25 000 NOK.
  • Lønn i samsvar med avtaleverk
  • Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot og ca.15% arbeidsgjevarinnskot

Kontaktinformasjon

Diana Helland, Styrar Stordal Bhg., +47 41867896

Arbeidsstad

Vinjehjellane 9
6250 Stordal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord kommune

Referansenr.: 5136831310
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 07.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Diana Helland

Styrar Stordal Bhg.

+47 41867896

Om bedriften

Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ba1f2eac-4ccb-41f6-bec7-314965896abe

Sist endret

28. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e62b9302d8364876b2897ade1ea2e18d

Lignende annonser

Laster lignende annonser