Kulturskulelærar dans/teater
Kultur og fritid, Stranda kommune
Allmenningen, 6200 Stranda
Om jobben
- Stillingstittel
- Kulturskulelærar dans
- Type ansettelse
- Fast, deltid 20%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. februar
Stranda kulturskule søkjer etter ein kulturskulelærar med variert og allsidig kompetanse innan dans/teater i inntil 20% fast stilling frå 01.04.2026.
Arbeidsstad og oppmøtestad er kulturskulen sine lokale i Stranda sentrum.
Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal scannast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning av barn og unge i ulike aldrar
- For- og etterarbeid knytt til undervisning
- Oppfølging og kontakt med elevar og føresette
- Bidra aktivt i rekruttering, utvikling og evaluering av fagtilbodet
- Bidra til å synleggjere kulturskulen i kommuna
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan dans og/eller teater, gjerne med pedagogisk utdanning eller tilsvarande erfaring
- Erfaring med å undervse barn og unge i ulike aldersgrupper og gruppestorleikar
- Relevant yrkeserfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og muntleg
- Evne til å motivere og inspirere elevar
- Generell erfaring frå kulturfeltet vil bli vektlagt
- Gyldig førarkort for personbil og disponere eigen bil
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Kulturskulen disponerer tenlege og moderne lokale ved Storfjord Kulturhus i Stranda sentrum
- Stor fridom og stort ansvar. Gode moglegheiter for faglege utfordringar og utvikling, åleine og i samarbeid med kollegaer
- Lønn og rettar etter gjeldande avtaleverk
Kontaktinformasjon
Evgenii Zhukov, Fagleiar kultur, 46 41 10 55 , kulturskulen@stranda.kommune.noArbeidsstad
Allmenningen6200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5062535864
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 01.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ba16a613-a75d-4e93-94b3-f1e418f4c47d
- Sist endret
13. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c05e7b5cede44c7aa18fb9e49edcd046
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Stranda distrikt, Stranda kommune
Sted
Stranda
Meistringsteamet (psykisk helseteam) - terapeut
Arbeidsgiver
Barn, familie og meistring, Stranda kommune
Sted
Stranda
Pedagogisk leder barnehagelærer
Arbeidsgiver
Veslefrikk Barnehage Ålesund Sa
Sted
Ålesund