Meistringsteamet terapeut (Psykisk helseteam)
Barn, familie og meistring, Stranda kommune
Øyna 13, 6200 Stranda
Om jobben
- Stillingstittel
- Meistringsteamet (psykisk helseteam) - terapeut
- Oppstart
- 1. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 26. januar
Har du lyst til å vere med å vidareutvikle Meistringsteamet vårt (psykisk helseteam). Ein av våre terapeutar skal ut i permisjon og vi lyser difor ut eit vikariat i 100% stilling. Teamet vårt er på tilsaman 5 personar i 100% stillingar, der tre stillingar er retta inn mot vaksne og to stillingar er retta inn mot barn og unge.
Stillingane er lagt til eining for Barn, familie og meistring. I eininga ligg også helsestasjon, PPT Stranda og Fjord , barnevern Stranda og Fjord, psykiatri/rusomsorg, innvandrar og flyktningtenesta og Frivilligsentral. Meistringteamet har tett samarbeid med andre kommunale tenester som Helsetenesta og eining for Rehabilitering/Habilitering som har ansvar for ROP bustadar.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal leggast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av menneske med psykiatri/ rus/ roplidingar.
- Tverrfagleg samarbeid innad i kommunen og opp mot helseforetak.
- Vidareutvikle tilbodet innan rus/ psykiatri og det førebyggjande
terapeutiske tenestetilbodet i kommunen. - Gruppetilbod.
- Innandørs og utandørs aktivitetar med målgruppene.
- Ein må pårekne noko ukurant arbeidstid.
- Rettleiie andre tilsette og tenester i kommunen ved behov.
Kvalifikasjonar
- Minimum 3. årig helse- og/ eller sosialfagleg høgskuleutdanning, psykologi eventuelt kan andre relevante utdanningar vurderast.
- Erfaring frå arbeid innan psykiatri/rus og anna relevant erfaring.
- Vidareutdanning innan psykiatri og/eller rusomsorg vil verte vektlagt.
- Aktuelle terapeutiske metodar som f.eks. kognitiv terpapi, EFT, familieterapi, gestaltterapi o.l.
- God datakunnskap - avdelinga nyttar systema profil og sampro.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Søkjar må beherske muntlig og skriftleg norsk.
- Førarkort for personbil.
Personlege eigenskapar
- Du må vere påliteleg, initativrik, fleksibel, vere ein pådrivar, like å arbeide sjølvstendig og i gruppe, du er strukturert og har eit ynskje om stendig å tileigne deg ny kunnskap
- Du har eit ynskje om å hjelpe våre brukarar til ein betre kvardag. Du er positiv , har godt humør og snur deg om på femøringen ved behov!
Vi tilbyr
- Eit tverrfagleg fagmiljø.
- Utfordrande og varierete arbeidsoppgåver.
- Opplæring i ulike metodar til bruk i arbeidet.
- Gode kollegar og samarbeidspartnerar.
- Veiledning frå kommunepsykolog og fagleiar.
- Kartleggingsverty.
- Konkuransedyktig lønn.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Kontaktinformasjon
Camilla Roppestad Moen, Fagleiar meistringsteamet, +47 46411067Aina Holmberg, Einingsleiar Barn, familie og meistring, +47 46411065
Arbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5054724131
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 19.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Aina Holmberg
Einingsleiar Barn, familie og meistring
+47 46411065
Camilla Roppestad Moen
Fagleiar meistringsteamet
+47 46411067
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7ca0709b-9cd3-446f-8f0a-d56f08b1d448
- Sist endret
17. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fa1a11b2018549db935afb80441e93c0
Lignende annonser
Helsepersonell/miljøterapeut faste stillinger - tiltak barn 100% og helgestilling.
Arbeidsgiver
Åse-Blindheim heimetenestedistrikt
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Stranda kommune
Sted
Stranda
To stk 30,65 % stillinger med arbeid aktiv/passiv natt
Arbeidsgiver
Avrusing rusbehandling TSB ÅlesundHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund