Hopp til innhold

Vernepleiar eller sjukepleiar 100% fast stilling

Arbeidsgiver

Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune

Sted

Ura, 6230 Sykkylven

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleiar eller sjukepleiar 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. februar

Er du vernepleiar eller sjukepleiar som brenn for å skape gode kvardagar for andre – og samtidig ønskjer nye, spanande utfordringar?
Då kan du vere akkurat den vi leitar etter!

Ura bustadar har no ei ledig 100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar. Du blir ein del av ei engasjert og trygg faggruppe, og jobbar i p.t. langvaktsturnus med arbeid kvar fjerde helg. Bu- og Rehabiliteringstenestene er ei allsidig eining som, i tillegg til butenester for vaksne, tilbyr barne- og avlastingstenester, dagsenter og tenester innan psykisk helse og rus. Hos oss får du varierte arbeidsdagar, gode faglege utfordringar og moglegheita til å gjere ein forskjell – kvar einaste dag.

Det er krav om politiattest av ny dato ved tilsetting. 


Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk og helsefagleg arbeid i samsvar med brukars tenestetilbod
  • Bistand til daglege gjeremål
  • Planarbeid, etter gjeldande lovverk, mål og resultat
  • Planlegge, kartlegge, dokumentere, evaluere tenestetilbodet
  • Kontakt med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Primær- og eller sekundærkontaktarbeid
  • Legemiddeladministrasjon
  • Samarbeid med pårørande/verge
  • Journalføring i EPJ
  • Eventuelt koordinatorfunksjon
  • Eventuelt arbeid med Kap 9 HOTL
  • Rettleiing av opplæring av kollegaer, nye tilsette og eventuelt studentar
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå leiar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B
  • Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med brukargruppa og målretta miljøterapeutisk arbeid
  • Erfaring med og kunnskap om tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar
  • Kunnskap om og erfaring med førebygging og handtering som kan utfordre
  • Kunnskap om kap. 9 HOTL
  • Personleg eignaheit vert vektlagd

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • Du må vere løysingsorientert og ha god evne og vilje til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Du er aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du held deg fagleg oppdatert og er fagleg engasjert
  • Du er lojal,har evne til etisk refleksjon og har god arbeidsmoral
  • Du er fleksibel

Vi tilbyr

  • Utviklingsorientert felleskap 
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

 

Kontaktinformasjon

Trine Garshol, avdelingsleiar, 90776577, trine.garshol@sykkylven.kommune.no
Lisbeth Vinjevoll Schei, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 91009625, lisbeth.schei@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Ura
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5052574835
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.02.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Trine Garshol

avdelingsleiar

90776577

trine.garshol@sykkylven.kommune.no

Lisbeth Vinjevoll Schei

einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene

91009625

lisbeth.schei@sykkylven.kommune.no

Om bedriften

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

82107d8f-e3f1-40c5-911b-a8ff203f4ffb

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

af6142710f01490baf8828e63e53ce4c

Lignende annonser