Hopp til innhold

Psykologspesialist/psykolog

Arbeidsgiver

Alderspsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Psykologspesialist/psykolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 26. april

Vil DU bli vår nye kollega ved Alderspsykiatri Sunnmøre?


Vi har ledig 100% fast stilling for psykologspesialist/psykolog med oppstart frå snarast/etter avtale.
Alderspsykiatri Sunnmøre er samlokalisert med øvrig sjukehuspsykiatri. Avdeling for sjukehuspsykiatri består av:

Psykose sengepost Sunnmøre
Akutt psykisk helse Sunnmøre
Alderpsykiatri Sunnmøre
Allmennpsykiatri Sunnmøre
Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre
Spesialisert habilitering

Alderspsykiatri Sunnmøre består av ein poliklinikk og ein døgnpost med 6 senger. Arbeidsstad vil vere ved både døgnpost og poliklinikk.

Seksjonen er tverrfagleg samansett av legespesialistar, lege i spesialisering, spesial-ergoterapeut, geriatrisk- og psykiatrisk sjukepleier, vernepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar og merkantile ressursar. Døgnposten har fokus på utredning og behandling. Poliklinikken tek imot pasientar i egne lokale eller ved besøk heime eller på institusjon. 

Målgruppa er personar over 65 år med nyoppstått psykisk liding bl.a depresjon, angst, psykose og eller ulike demenstilstandar med nevropsykiatriske symptom (NPS).

Vi har godt samarbeid internt i seksjonen mellom døgnpost og poliklinikk, samt med andre instansar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. 


Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk vurdering og utgreiing i tverrfaglige team i  poliklinikk og døgnpost
  • Tverrfagleg samarbeid med kommunehelsetenesta og andre relevante instansar
  • Internundervisning og rettleiing
  • Pårørandesamtalar
  • Psykoedukasjon
  • Førerkortvurderingar
  • Demensutredning og utvida kognitiv utredning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon eller lisens som psykolog
  • Psykolog med fullført spesialisering
  • Ønskeleg med erfaring innan nevropsykologi og/eller alderspsykiatri, men dette er ikkje eit krav
  • Førarkort klasse B
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Det krevs god skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Du har stort fagleg engasjement
  • Du ersjølvstendig, ansvarsfull og tek initiativ
  • Du framstår trygg - både personleg og fagleg
  • Du har evne til fleksibilitet, er strukturert og løysingsorientert
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Du bidreg til å styrke eigen og andre si kompetanse
  • Du er ein bidragsytar til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.

Byen vår! Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan óg oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her.

Kontaktinformasjon

Pamela Riise Loe, Seksjonsleiar, Pamela.Riise.Loe@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5115065174
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Pamela Riise Loe

Seksjonsleiar

Pamela.Riise.Loe@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ba101779-7896-4448-a519-98ee86ea433c

Sist endret

20. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a3dbf558dfba446791ff5e2a9250b756

Lignende annonser

Laster lignende annonser