Hopp til innhold

Vikariat i naturfag og biologi

Arbeidsgiver

OPK-VV - Avd. FF, Vestland fylkeskommune

Sted

Strandavegen 251, 5710 Skulestadmo

Om jobben

Oppstart
12. august 2026
Stillingstittel
Vikariat i naturfag og biologi
Type ansettelse
Vikariat, deltid 71%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest fredag 3. juli

Voss vidaregåande skule er ein moderne skule med om lag 400 elevar fordelt på fem utdanningsprogram, bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, restaurant- og matfag, naturbruk og teknologi- og industrifag. Skulen har også eiga avdeling for tilrettelagt undervisning.


Skulen, som ligg vakkert til ved Lundarvatnet i Skulestadmoen, har om lag 115 tilsette. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og skuletilbodet slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli best mogeleg. Som skule har me høge ambisjonar, og har som mål å vera mellom dei leiande skulane innanfor dei programområda me tilbyr. Ved Voss vgs har me fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokal og regionalt næringsliv.

Sjå meir informasjon om skulen på: https://www.voss.vgs.no

Arbeidsoppgåver

Frå 01.08.26 har me ledig:

43% naturfag (vikariat skuleåret 26/27)
28% biologi (vikariat skuleåret 26/27)

Kvalifikasjonar (overskrift)

Me ynskjer søkjarar som har:

  • høgskule/universitetsutdanning
  • undervisningskompetanse innan dei aktuelle fagområda
  • pedagogisk utdanning

Me søkjer etter ein person som er:

  • målretta og systematisk og set eleven si læring og utvikling fremst
  • tydleg og støttande i undervisning
  • kreativ og har omstillingsevne
  • interessert i faget
  • flink til å samarbeida og har gode evner til å motivera elevane

Nytt og moderne skulebygg

  • Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap og godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Aina Sandaker, avdelingsleiar, 41465683

Arbeidsstad

Strandavegen 251
5710 Skulestadmo

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5149100134
Stillingsprosent: 71%
Vikar
Startdato: 12.08.2026
Sluttdato: 18.06.2027
Søknadsfrist: 03.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Aina Sandaker

avdelingsleiar

41465683

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ba0a143e-741b-47b0-a605-2fbdceafbf26

Sist endret

22. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

bf94f5ba795242cc9f92d052a6c83a91

Lignende annonser

Laster lignende annonser