Energivert/aktivitør i 12% turnusstilling kveld/helg
Energisenteret for barn og unge, Helse Bergen HF, Barne- og ungdomsklinikken
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Oppstart
- 3. august 2026
- Stillingstittel
- Energivert/aktivitør i 12% turnusstilling kveld/helg
- Type ansettelse
- Fast, deltid 12%
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. juni
For å vere Energivert/aktivitør må du ha bestått livbergingskurs og -test, og det vil vere eit vedvarande krav om årleg gjennomført og bestått livbergingskurs og -test. Opplæring og kurs vil bli gjennomført og økonomisk dekt for den som blir tilsett om du ikkje har dette frå før. Arbeidstida er hovudsakleg 2-4 timars vakter på ettermiddag/kveld og helg i ein delvis fast vaktplan. Noen vakter vil bli fordelt etter avtale underveis. Intervju blir gjennomført fortløpande.
Vi ønsker no å tilsette to medarbeidare i 12% faste stillingar med ønsket oppstart 01.08.2026
Arbeidsoppgåver
- Primæroppgåver er å ivareta sikkerheit og yte service overfor brukarane av gymsal, svømmebasseng og kino i Energisenteret for barn og unge
- Stillinga inneber også klargjering og reinhald av dei aktuelle areala
- Å vere Energivert/aktivitør i svømmebassenget er ein fysisk krevande jobb og du må ha gode svømmeferdigheiter, god helse og ha bestått livbergingskurs og test
- Arbeidstid er normalt kortare vakter på ettermiddag/kveld, med nokre laurdagar/søndagar i løpet av året. Stillinga eignar seg difor særs godt som bistilling til studiar eller anna arbeid
Kvalifikasjonar
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
- Søkar må vere over 18 år
- Det er krav om bestått kurs i livberging og dykk på bassengets djupaste område som er 3,5 meter, eller vere gjennomført innan 3 månader etter oppstart
- Det vil bli gjennomført fysisk utsjekk, eller dokumentert at ein har nyleg tilsvarande test
- Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma)
- Det er ein fordel å ha brattkort for sikring i klatrevegg, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Du må vere serviceinnstilt, glad i menneske og ansvarsbevisst
- Initiativrik og ansvarsfull
- Du må også ha oversikt, kunne ta raske beslutningar og behalde roen dersom ein kritisk situasjon oppstår
- Det vil bli lagt vekt på fleksibilitet på arbeidstid
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb i eit aktivt miljø med ulike pasient- og yrkesgrupper
- Lønn iht gjeldane overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Connie Mjåtvedt Aspevoll, Assisterande seksjonsleiar, 98414708Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5139387155
Stillingsprosent: 12%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 21.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Connie Mjåtvedt Aspevoll
Assisterande seksjonsleiar
98414708
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ba04440b-ad6f-4f30-8bb2-ba0b3e086a9b
- Sist endret
9. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
76de725cdfc94381bb9a497a8888f82e