Energikonsulent - i skjæringspunktet mellom sjukehus og idrett
Barne- og ungdomsklinikken/ Energisenteret for barn og unge, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Oppstart
- 17. august 2026
- Stillingstittel
- Energikonsulent
- Type ansettelse
- Fast, deltid 20%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. juni
Energisenteret for barn og unge (Energisenteret) skal vere knutepunktet for fysisk aktivitet for barn og unge med særskilde behov, og huser aktivitet på tvers av klinikkar og avdelingar på Haukeland universitetssjukehus. I senteret er eit mål at barn og unge skal få lyst til å vere fysisk aktive, trivast på trening og oppleve fellesskap med kvarandre. Alle som har relasjon eller oppgåver knytt til primærbrukarar kan også nytta senteret. Det kan vere familie, venner, helsepersonell, brukargruppar, idrettslag, lærarar, trenarar, forskarar og studentar. Senteret skal invitere til samarbeid med kommunale etatar, idrettslag, pasientorganisasjonar og forskingsmiljø.
No har vi ledig en fast stilling i 20% stilling som Energikonsulent. Oppstart 17.08.2026. Ein Energikonsulent skal gje barn og unge tilknytta sjukehuset auka moglegheit for fysisk aktivitet og meistring individuelt eller saman med jamnaldrande. Primæroppgåva er å møte pasient og føresette i konsultasjon, finne og kontakte aktuelt idrettstilbod i deira nærmiljø og ved behov følge ut i aktivitetstilbodet ei kort periode. Energikonsulent er eit tilbod på tvers av somatikk og psykiatri, og du må evne å møte barn, unge og vaksne i ein sårbar situasjon. Periodevis må det påreknast andre oppgåvar innanfor stillingsprosent, og det vil vere mogleg å ta på seg ledige vaktar som basseng- og kinovert. Du vil blant annet jobbe i team med en koordinator og to andre Energikonsulentar.
Det må påreknast arbeid på ettermiddag/kveld for oppfølging av aktivitetar. Gyldig politiattest må framleggast før tiltreding. Tilstrekkelig med opplæring vil bli gitt.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging som beskrive over
- Rapportering og oppfølging i journal
- Vere tilgjengeleg for aktuelle fagmiljø innan somatikk og psykatri
- Forefallande arbeid på senteret ved kapasitet
Kvalifikasjonar
- Det er ein fordel med arbeidserfaring frå helsetenesta og/eller idretten
- Det er ønskeleg med 180 studiepoeng (bachelorgrad) innan helse-/sosialfaglege eller idrettsfaglege emne
- Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge
Personlege eigenskapar
- Evne til å møte barn, unge og deira foreldre med varme og respekt
- Initiativrik, ansvarsfull og evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å motivere og begeistre
- Trivast med fysisk aktivitet
- Personleg eignaheit vil verte vektlagt
Vi tilbyr
- Lønn iht gjeldande overeinskomst
- Ein spennande og utfordrande jobb i eit aktivt miljø med ulike pasient- og yrkesgruppe
- Moglegheit for å påverke framtidast pasientbehandling i skjæringspunktet mellom sjukehus, kommune og idrett
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Connie Mjåtvedt Aspevoll, Assisterande seksjonsleiar, 98414708Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5139382948
Stillingsprosent: 20%
Fast
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 21.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Connie Mjåtvedt Aspevoll
Assisterande seksjonsleiar
98414708
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a4414b4e-d04e-4276-9048-11fa676d103a
- Sist endret
9. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
591b02f89a664cebb5860a2d37e4fbf8