Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Nevrologisk sengepost, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 2, 6450 Hjelset

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
15. juni 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 18. mars

Vil du bli ein del av eit supert arbeidsmiljø, med faglege og spennande utfordringer, kvar dag?

Sengepost nevrologi har no eit ledig vikariat i 100% stilling, tredelt turnus. Her blir du ein del av eit inkluderande og spennande team, med høg fagleg kompetanse. Trivst du med å jobbe pasientretta; i team eller sjølvstendig? Er du fleksibel og positiv? Ikke nøl med å søke. 

Vi søker deg som er positiv, framoverlent, arbeidsom og nysgjerrig. 
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, fagleg vekst, varierande og spennande oppgåver, gode kollegaer, og kanskje også venner for livet?
Er du interessert eller har spørsmål om seksjonen; ta kontakt da vel!
Ved interne omrokkeringar, kan andre stillingsstørrelser bli ledige.


Arbeidsoppgåver

  • Stell og pleie
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Bygge kompetanse og fag
  • Rettleiing av sjukepleierstudentar
  • Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på prosedyrer og retningslinjer på sengeposten
  • News- målinger
  • Observasjon
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Må beherske norsk både skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Du har ønske om å jobbe med nevrologiske pasientar
  • Du har gode samarbeidsevner, og evner å jobbe både i team og sjølvstendig
  • Du har ei positiv innstilling og har evne til å ta initiativ
  • Du er ansvarsfull, påliteleg, fleksibel og løysingsorientert
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetjing

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Monika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, +47 915 73041

Arbeidsstad

Opdølvegen 2
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5090565514
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.06.2026
Sluttdato: 29.08.2027
Søknadsfrist: 18.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Monika Bolsønes Knutsen

Seksjonsleiar

+47 915 73041

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

 

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
 

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b975de28-687d-40e0-aea7-c0921e8b551a

Sist endret

5. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

32791260e23040c58a38b4b879e6b171

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset

Arbeidsgiver

SEKSJON FOR BARN OG UNGE SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset