Hopp til innhold

Avdelingsleiar Familiestøtte 100% fast

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Barn og familie

Sted

Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 2. august

Vil du vere med og skape gode oppvekstvilkår for barn og unge i Kvinnherad? 

Kvinnherad kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar til Familiestøtte – ei sentral teneste for førebygging, tidleg innsats og støtte til barn, unge og familiar. 

Dette er ei spennande leiarstilling for deg som brenn for å utvikle tenester i tett samarbeid med dyktige fagpersonar, samarbeidspartnarar og lokalsamfunnet. Du får ansvar for eit viktig fagområde med stor betydning for barn og unge si helse, meistring og livskvalitet. 

Om arbeidsplassen 

Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst i Kvinnherad kommune. Eininga samlar dei fleste hjelpetenestene for barn, unge og familiar i kommunen, og består av seks avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, familiestøtte, avlastning- og butiltak for barn og unge og tverrsektorielt psykologteam. Eininga held til i Husnes tenestesenter. 

Som avdelingsleiar for Familiestøtte får du ansvar for fagleg, administrativ og strategisk leiing av avdelinga, og rapporterer direkte til einingsleiar. Du blir ein del av eit tverrfagleg og utviklingsorientert fagmiljø med eit felles mål om å styrkje oppvekstvilkåra for barn og unge i Kvinnherad kommune. 

 

Om stillinga 

Frå 1. oktober 2026 har Eining Barn og familie ledig ei 100 % fast stilling som avdelingsleiar for avdeling Familiestøtte. 

Familiestøtte består av: 

Familieteamet tilbyr familierettleiing, samtalar og gruppetilbod til barn, unge og familiar. 

Ungdomsteamet omfattar ungdomslosar, utekontaktar og ungdomsleiarar med ansvar for kommunen sine ungdomsbasar og lågterskeltilbod til ungdom. 

Tiltakskonsulent har ansvar for rekruttering og oppfølging av oppdragstakarar i eining barn og familie. 

Avdelingsleiar har også funksjon som kommunen sin SLT-koordinator og skal leie og vidareutvikle det lokale SLT-arbeidet (Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak). Dette er eit systematisk samarbeid mellom kommune, politi og andre offentlege og private aktørar for å styrkje det førebyggjande arbeidet blant barn og unge. 

Avdelinga har særleg fokus på tverrfagleg samarbeid, førebygging og utvikling av lågterskeltilbod. Medarbeidarane er den viktigaste ressursen i tenesta, og det er sentralt å sikre høg fagleg kvalitet, god rettleiing og eit inkluderande arbeidsmiljø. Eining barn og familie er oppteken av å nytte ressursane slik at dei kjem tenestemottakarane best til nytte. Det kan difor bli endring i arbeidsoppgåver og samansetning i avdelinga.  

Stillinga inneber noko arbeid på ettermiddag, kveld og i enkelte tilfelle helg, for å sikre god fagleg støtte og oppfølging av medarbeidarane. Arbeid med søknader om prosjekt- og utviklingsmidlar er òg ein viktig del av stillinga. 

 

Arbeidsoppgåver 

Som avdelingsleiar vil du ha ansvar for: 

  • Personal-, økonomi- og fagansvar for avdelinga 

  • Planlegging, koordinering og dagleg drift 

  • Internkontroll, kvalitetsarbeid og fagutvikling 

  • Kvalitetssikring av rapportering og dokumentasjon 

  • Rettleiing og oppfølging av medarbeidarar 

  • Saksbehandling etter helse- og omsorgstenestelova 

  • Leiing og koordinering av kommunen sitt SLT-arbeid 

  • Utvikling og styrking av tverrfagleg samarbeid 

 

Kvalifikasjonar 

Vi søkjer ein leiar med relevant høgare utdanning innan helse-, sosial- eller pedagogiske fag. Søkjarar med annan relevant utdanning vil også kunne bli vurderte. 

Det er ønskjeleg med: 

  • Relevant vidareutdanning, gjerne innan leiing, administrasjon eller rettleiing 

  • Erfaring frå leiing og personaloppfølging 

  • Kjennskap til offentleg forvaltning 

  • Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar 

  • Førarkort klasse B 

 

Personlege eigenskapar 

Vi legg stor vekt på personleg eignaheit. Vi søkjer deg som: 

  • Har evne til å leie, motivere og utvikle medarbeidarar 

  • Er engasjert i førebyggjande arbeid for barn og unge 

  • Har god organisasjonsforståing 

  • Er utviklingsorientert, strukturert og målretta 

  • Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø 

  • Skaper tillit og gode relasjonar 

  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 

  • Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert 

  • Har fokus på tverrfagleg samarbeid 

  • Har god digital kompetanse 

  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk 

 

Vi tilbyr 

  • Ei spennande leiarstilling i ei teneste i utvikling 

  • Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver 

  • Moglegheit til å påverke utvikling og framtidig retning for tenestene 

  • Fagleg og personleg utvikling 

  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar 

  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtalar og lovverk 

  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP 

  • Dekning av flytteutgifter etter gjeldande reglar 

  • Moglegheit for sletting av inntil 25 000 kroner av studielån etter eitt år for busette arbeidstakarar i Kvinnherad 

  • Ingen eigedomsskatt på bustad, fritidsbustad eller næringseigedom per i dag 

  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage 

 

Politiattest 

Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding. Kravet er heimla i barnevernslova § 12-11, opplæringslova § 17-11, barnehagelova § 30, helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstenestelova § 5-4. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Randi Pedersen

Einingsleiar

+47 45288088

randi.pedersen@kvinnherad.kommune.no

Om bedriften

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b923cf1c-bf40-4c81-9cc5-711c8afc61f5

Sist endret

13. juli 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3646407_226019_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser