Ledige faste helgestillingar som helsefagarbeidar / pleiemedarbeidar ved Omsorgstenesta aust, Kinsarvik
Ullensvang kommune Bråvolltunet
Bråvoll 1, 5780 Kinsarvik
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, deltid 22%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. februar
Arbeidsstad: Omsorgstenesta aust - Kinsarvik
Pleie og omsorg aust er stasjonert i Kinsarvik og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både sjukeheim , dagtilbod, kjøkken og heimetenester. På kjøkkenet lager me mat til pasientane på sjukeheimen og til pasientar som bur i heimen og ikkje klarer å lage mat sjølv.
Personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta.
Sjukeheimen består av 18 plassar, der 2 er korttidsplasser. I heimetenesta yter me tenester til om lag 90 pasienter.
I Omsorgstenesta aust har me eit godt arbeidsmiljø , med eit fleirkulturelt miljø .
Tenestene me utfører er mange og ulike , så me har ein innhaldsrik og spennande arbeidskvardag . Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester , tenester som er tilpassa kvar enkelt.
No treng me ein helsefagarbeidar / pleiemedarbeidar med på laget , som skal arbeide tett med, avdelingsleiarane og dei andre tilsette i tenesta.
Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer . Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat.
God opplæring vert gitt .
Arbeidsoppgåver:
Legemiddelhåndtering
Miljøarbeid
Utføra helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard og rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål .
Følgje opp eininga sine målsetjingar og yta tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
Samarbeide og dela kompetanse på tvers av avdelingane
Halde seg fagleg oppdatert
Gjere seg kjent med og nytta kommunen sitt journalsystem ( Aidn)
Sørgje for presis og utfyllande dokumentasjon
Kjenne til og og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
Kvalifikasjonskrav:
Autorisasjon som helsefagarbeidar, ufaglærte kan søkja
Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar:
Gode samarbeidsevner
Positiv og godt humør
Engasjert
Fleksibel
Punktlig og strukturert
Førarkort klasse B er ynskjeleg
Me tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver
Spennande arbeid
Lønn etter hovudtariffavtalen
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Ulike arbeidstidsordningar - eksempelvis årsturnus og langvakter
Helgekompensasjon
Varierte arbeidsoppgåver
Krav:
Politiattest jfr gjeldande lov
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b923cc5d-8750-4c7a-b0fa-550b36eb938a
- Sist endret
4. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3591623_190579_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Bråvolltunet
Sted
Kinsarvik
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Bråvolltunet
Sted
Kinsarvik
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Omsorgsteneste Jondal
Sted
Jondal