Hopp til innhold

Helgestilling for sjukepleiestudentar i Korttidsposten

Arbeidsgiver

Mottaksklinikken, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Oppstart
17. august 2026
Stillingstittel
Sjukepleiestudentar som pleieassistent i Korttidsposten
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Antall stillinger
3

Søk på jobben

Søk senest onsdag 8. juli

Korttidsposten er ein heildøgnsdreve eining i Mottaksklinikken med 20 senger. Posten har tverrfaglege team med legar og sjukepleiarar som tar i mot pasientar som har forventa kort liggetid. Pasientane har mange ulike diagnosar innan dei fleste medisinske fagområda og dei tilsette har brei fagleg kompetanse.

Vi har eit aktivt og spennande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver og stor gjennomstrømming av pasientar heile døgnet.

Starttidspunkt for stillingane etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver for assistent i pleie
  • Hjelpe pasientane med personleg pleie
  • Ansvar for matservering og skyljerom
  • Samarbeide med sjukepleiar i utføring av pleieoppgåver
  • Tverrfagleg samarbeid i og utanfor avdeling
  • Gje god omsorg for pasient og dei pårørande

Kvalifikasjonar

  • Vi søker etter kandidatar som har påbyrja studie innan sjukeple
  • Ønskeleg med relevant sjukehuserfaring

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Ha respekt for den enkelte pasient
  • Engasjert
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Frida solheim Haugsvær, Seksjonsleiar, frida.solheim.haugsver@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5149417412
Stillingsprosent: 20%
Fast
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 08.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Frida solheim Haugsvær

Seksjonsleiar

frida.solheim.haugsver@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b920bc47-ec6a-4323-a82e-67a528a4ddd8

Sist endret

23. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

96344a08a6b743e9bb7af24fcae1ed7a

Lignende annonser

Laster lignende annonser