Forskar ved Klinisk institutt 1
Universitetet i Bergen
Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Forskar
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. mars
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAForskar
Ved Det medisinske fakultet, klinisk institutt 1, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (50 %).
Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjekt «NADage». Prosjektet har ei førebels finansiering i ett år.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
- Selvstendig statistisk analyse av ernærings- og helsedata frå ulike kohorter, i samarbeid med forsker frå Sverige, Spania og Estland
- Skriving av vitenskapelige artikkel / rapporter
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
- Forskaren må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan ernæringsepidemiologi, særlig innen aldring og statistisk analyse
- Erfaring frå forsking og selvstendig publisering av forskningsresultater vil og bli tillagt stor vekt
- Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
- Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
- Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
- Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk og må ha gode norskkunnskaper
- Det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Vi kan tilby
- Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan nevrologi og ernæring
- Løn for tida kr 660 000 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 680 000, brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
- Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
- Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
- Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar
- Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
- lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
- Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
- Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
- Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
- Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
- Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
- Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
- Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Prof. Jutta Dierkes, jutta.dierkes@uib.no, tlf.: +47 95448279.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b902f6b3-49eb-4a5a-a716-1f57a8db92d8
- Sist endret
3. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10284252
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Sted
Bergen