Hopp til innhold

Lærar realfag 50% vikariat

Arbeidsgiver

Gjermundnes vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Gjermundnesvegen 200, 6392 Vikebukt

Om jobben

Stillingstittel
Lærar realfag 50% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Vi har ledig eit 50% vikariat som lærar skuleåret 2026/2027 med oppstart 01.08.2026. Hovudtyngda av undervisninga blir i realfag, men undervisning i andre fag skulen tilbyr kan også bli aktuelt. Hos oss blir du del av eit engasjert fagmiljø som jobbar for at skulen skal vere "eit naturleg val for framtida". Stillinga kan kombinerast med 50% fast stilling som lærar i realfag. 

Arbeidsoppgåver

  • undervisning i matematikk og naturfag på vg1 og/eller vg3. Andre realfag kan også vere aktuelle
  • undervisning i andre fag skulen tilbyr kan bli aktuelt
  • vurderingsarbeid
  • kontaktlærarfunksjon kan bli aktuelt dersom same søkjar får både 50% fast stilling og 50% vikariat
  • samarbeid med kollegaer og leiing
  • samarbeid med andre faginstansar ved behov

Kvalifikasjonar

  • relevant fagleg og pedagogisk utdanning som fyller kompetansekravet for tilsetting som lærar i vidaregåande skule
  • god norskkompetanse, både skriftleg og munnleg
  • god digital kompetanse

Personlege eigenskapar

  • trivast i lag med ungdom og har god evne til relasjonsbygging
  • er ein trygg og tydeleg vaksen, både i og utanfor klasserommet
  • gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø
  • ein allsidig arbeidsplass med dyktige medarbeidarar med brei kompetanse
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter tariff

    Anna
    Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. 
    Den som blir tilsett må levere gyldig politiattest. 
 

Kontaktinformasjon

Aina Tomren, Avdelingsleiar Fellesfag, 90927792, aina.tomren@mrfylke.no
Tone Syltebø, Rektor, +47 99225430, tone.syltebo@mrfylke.no

Arbeidsstad

Gjermundnesvegen 200
6392 VIKEBUKT

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5091284923
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Aina Tomren

Avdelingsleiar Fellesfag

90927792

aina.tomren@mrfylke.no

Tone Syltebø

Rektor

+47 99225430

tone.syltebo@mrfylke.no

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Om skolen (gjermundnes.vgs.no)
Gjermundnes vidaregåande skole har dei siste åra hatt om lag 130 elevar kvart år. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet.

Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging.
Gjermundnes vidaregåande skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune, med gode kommunikasjonstilhøve i alle retningar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b81fc816-93d3-42ed-abd6-817c8bc3b1a5

Sist endret

9. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

37811464ae1242f8894b3bd06c601df8

Lignende annonser

Laster lignende annonser