Hopp til innhold

Bli med oss på laget!

Arbeidsgiver

Hjelmeland kommune Hjelmeland skule

Sted

Ramsbu 11, 4130 Hjelmeland

Om jobben

Stillingstittel
Lærar 100 % vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 16. november

Hjelmeland skule har eit ledig vikariat i 100 % som lærar, fram til og med 31.07.2027. 

Visjonen vår er "Me gjer kvarandre gode".

Hjelmeland skule er ein skule med 180 kjekke elevar og positive og fagleg dyktige tilsette. Me er sentralt plassert på Hjelmeland, og har gode uteområde til å driva praktisk undervisning. 

Du får være med å flytte inn, og starte opp, i nytt flott skulebygg. 

Kvalifikasjonar og vilkår
- godkjent lærarutdanning er ein fordel, søkjarar med undervisningskompetanse i fleire fag vil prioriterast
- munnlege og skriftlege norskferdigheiter vil bli vektlagt
- ein fordel med realfagskompetanse 

Me søkjer etter ein person som
- har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
- har eit pedagogisk engasjement, der elevane er i fokus
- er ein tydeleg klasseleiar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne deg ny kunnskap

Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ein skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- rettleiing av nyutdanna
- god seniorpolitikk
- bedriftskunstforeining
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. 

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 


Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Harald Ommundsen

90678806

postmottak@hjelmeland.kommune.no

Om bedriften

Hjelmeland skule held til i to bygningar innanfor kort gåavstand: barneskulen – som òg husar SFO – og ungdomsskulen. På ungdomsskulen er det òg eitt 25 meters symjebasseng. Idrettshallen ligg òg innanfor området, og blir brukt til kroppsøving for både ungdomsskulen og barneskulen. Skulen har elles eit stort og flott utearel, med mellom anna basketballbane, grusbane, kunstgrasbane, tuftepark og sandvolleyballbane.

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b7ed0c3b-317b-4338-bb04-e443b5d84a56

Sist endret

2. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3675177_203787_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser