Hopp til innhold

Ledig stilling som vikar for lærar ved Sand skule

Arbeidsgiver

Suldal kommune Sand skule

Sted

Rygjatunvegen 2, 4230 Sand

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 23. november

Det er ledig 100 % vikariat for lærar på barnetrinnet frå og med snarast til og med 31.07.2027

Sand skule har om lag 285 elevar fordelt på 13 klassar frå 1.-10. trinn.

Visjonen til skulen er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur og trygge elevar som blir rusta for livet.

Oppdraget er å utvikla robuste barn og unge som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot.

 Arbeidsoppgåver
  • Me søkjer etter lærarar på barnetrinnet med kompetanse innan norsk, matematikk og spesialpedagogikk.
  • Andre oppgåver i tråd med eininga sine behov.
Kvalifikasjonar
  • Godkjend undervisningskompetanse for grunnskulen, men andre med relevant kompetanse kan òg søkja.
  •  Personlege eigenskapar

    • vera ein relasjonsbasert klasseleiar som viser retning og veg for eleven, fagleg og sosialt.
    • vera ein aktiv deltakar i det profesjonsfaglege fellesskapet.
    • vera ein lagspelar i skulen, med føresette og med andre samarbeidsinstansar utanfor skulen.
    • er fleksibel, strukturert og effektiv i ein hektisk kvardag for ein skule i kontinuerleg utvikling.
    • har gode munnlege og skriftlege ferdigheiter.

     Hjå oss i Suldal kommune får du:

    • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
    • Engasjerte og dyktige kollegaer
    • Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
    • Bedriftshelseteneste
    • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
    • Nynorsk som administrasjonsspråk
    • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
    Andre opplysningar:
    • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
    • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
    • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
    • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
    Slik søkjer du:
    • Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje. 
    • Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.
    Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!

     


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Jorunn Hoås

    +47 91574334

    jorunn.hoas@suldal.kommune.no

    Om bedriften

    Sand skule har omlag 290 elevar fordelt på 14 ordinære klassar frå 1. -10. trinn, i tillegg har me velkomstklassar bygd opp etter fådelt struktur og skulefritidsordning Sand skule sin visjon er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur, gode relasjonar og trygge elevar som blir rusta for livet. Sand skule er ein MOT-skule der visjonen er å byggja eit varmare og tryggare samfunn og gje barn og unge MOT til å leva, MOT til å bry seg og MOT til å seia nei. Prinsippa me arbeider etter er å vera i førekant, ansvarleggjera kulturbyggjarar, forsterka det positive og sjå heile mennesket. Oppdraget er å utvikla robust ungdom som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot.

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    1aed88a0-4780-45e2-8b0b-c48f91f5a361

    Sist endret

    9. november 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3677385_203565_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser