Hopp til innhold

Har du lyst å vera lærling hjå oss?

Arbeidsgiver

Hjelmeland kommune Hjelmeland kommune

Sted

Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland

Om jobben

Stillingstittel
Lærling i Hjelmeland kommune 2027
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 1. mars

Hjelmeland kommune har frå hausten 2027 ledige plassar for nye lærlingar innan følgjande retningar:

- Helsearbeidarfaget
- Barne- og ungdomsarbeidarfaget 
- Institusjonskokkfaget

Me ønskjer at  
du som har avslutta VK1 eller VK2 i eit av faga over i år, og er interessert i ein læreplass i Hjelmeland kommune, søkjer. Hjelmeland kommune samarbeider med opplæringskontoret Rytopp. For meir informasjon sjå www.rytopp.no

Anna
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Søkjarar med tilknyting til Hjelmeland og som er rettigheitselevar vert prioriterte. Det vert lagt vekt på; orden, fråvær, motivasjon, personlege eigenskapar, samt karakterar. Husk å leggja ved kopi av vitnemål/terminkarakter frå VK1, VK2 og kopi av eventuelle attester frå andre.

Du må ha bestått språkopplæring på nivå B2, og det er ein fordel med førarkort.
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktene som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Malin Nordbø

404 39 017

postmottak@hjelmeland.kommune.no

Om bedriften

Hjelmeland kommune ligg i "i hjarta av Ryfylke", og er med sine 1092 km2 den nest største kommunen i Rogaland. Det er kort veg til Stavanger og resten av regionen. Me er ca 2600 innbyggjarar, og kommunesenteret ligg på Hjelmeland. Kommunen sin visjon; «Hjelmeland naturlegvis» gjev uttrykk for eit ønskje om eit positivt samspel mellom kommunen sine tilsette, innbyggjarane og naturen rundt oss. Hovudmål: Jobb og attraktivitet. Å leggja til rette for vekst i folketalet gjennom satsing på arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

adc089ea-1371-4c9c-a21b-610d6551e935

Sist endret

9. oktober 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3669093_199695_no

Lignende annonser

Laster lignende annonser