Hopp til innhold

Prosjektleiar - digital inkludering eldre

Arbeidsgiver

Helse, omsorg og velferd Fjord kommune

Sted

Olavsgata 10, 6210 Valldal

Om jobben

Stillingstittel
Prosjektleiar - digital inkludering eldre
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Vi søkjer ein engasjert og strukturert prosjektleiar som vil vere sentral i planlegging og gjennomføring av eit spennande pilotprosjekt saman med Senter for et aldersvennlig Norge. 

Piloten skal gjere digitale verktøy meir tilgjengelege, senke terskelen for bruk og bidra til auka mestring og inkludering i det digitale samfunnet.   

Piloten vil gå over sju månader med oppstart frå august 2026 til og med februar 2027.


Arbeidsoppgåver

Prosjektet skal: 

  • Fremje aldersvennlege løysingar i tråd med nasjonale føringar. 
  • Bygge på eksisterande strukturar i kommunen 
  • Involvere frivilligheita for å nå flest muleg og vere robust over tid
  • Utvikle gode lavterksel tilbod for digitaliseringshjelp  

Du vil som prosjektleiar få det operative ansvaret i kommunen og blir bindeleddet mellom kommune, Senteret for et aldersvennlig Norge og frivillig sektor.

Du skal:

  • Planleggje, koordinere og drive gjennomføringa av pilot lokalt
  • Sikre god lokal forankring, samarbeid og kommunikasjonsflyt
  • Kartleggje lokale forhold, ressursbehov og praktiske løysingar
  • Følgje opp frivillige ressursar og sikre trygge rammer

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som:

  • har relevant høgare utdanning
  • har erfaring med prosjektarbeid, koordinering eller utviklingsarbeid
  • har god digital kompetanse
  • evnar å samarbeide med fleire aktørar
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • gjerne har erfaring frå arbeid med eldre, frivilligheita eller inkluderingsarbeid
  • må ha førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir vekta tungt. Vi ønskjer at du:

  • er sjølvstendig, fleksibel, strukturert og løysingsorientert
  • har gode relasjonelle ferdigheiter og trivst med å møte menneske der dei er
  • har gjennomføringsevne og ei praktisk tilnærming til problemstillingar
  • bidreg til kultur for openheit, delt læring og samarbeid

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb som styrkar livskvalitet og deltaking for eldre
  • Tett samarbeid med eit nasjonalt fagmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit utviklingsorientert prosjekt
  • God opplæring og støtte

Kontaktinformasjon

Sindre Søvik Erstad, Kommunalsjef Helse, Omsorg og Velferd, +47 95855960

Arbeidsstad

Olavsgata 10
6210 VALLDAL

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune

Referansenr.: 5084494295
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 15.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Sindre Søvik Erstad

Kommunalsjef Helse, Omsorg og Velferd

+47 95855960

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b6676417-e964-4c73-aeb5-f72f73efc4c0

Sist endret

2. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

93da1723c976450fbc6f234c779a3b55

Lignende annonser