Undervisningsstilling - vikariat i 100%
Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 4. november
Me søkjer ein engasjert lærarar med eit godt hjarte for elevane våre.
Vil du bidra i eit profesjonsfelleskap der me jobbar saman for eit trygt og godt skulemiljø, og er opptekne av læring og utvikling for alle? Då treng me deg på laget vårt!
Uggdal skule er ein barneskule med elevar frå 1. til 4. trinn, og har om lag 120 elevar. Fokusområda våre er inkluderande praksis med vekt på verdiar. Me arbeider kontinuerleg med å skapa gode relasjonar til elevane og sikra eit trygt læringsmiljø, der helse, trivsel og læring står i sentrum. Målet er at alle elevane skal vera del av eit lærande og inkluderande fellesskap.
Me har ledig eit vikariat i 100 % undervisningsstilling for perioden 1. januar 2026 til 31. desember 2026. Det er ønskjeleg med oppstart før nyttår, men dette kan avtalast nærare.
Du må pårekna kontaktlæraransvar i stillinga.
I CV-en ber me om at du spesifiserer kva fag du har undervisningskompetanse i, og kor mange studiepoeng du har i kvart fag.
Arbeidsoppgåver
- Planlegga og gjennomføra tilpassa undervisning for elevgrupper
- Bidra til å ivareta eleven sitt trygge og gode skulemiljø
- Motivera elevar gjennom god vurderingspraksis
- Planlegging, gjennomføring og tilrettelegging for inkluderande praksis
- Delta i profesjonsfellesskapet med medskapande innhald
- Ivareta eit godt samarbeid mellom lærar, fagarbeidar og skule-heim
Kvalifikasjonskrav
Me søkjer deg som har:
- godkjent undervisningskompetanse for tilsetjing i grunnskulen, jf. opplæringslova
- god digital forståing og er trygg i bruk av digitale verktøy i opplæringa
- god kjennskap til den nye læreplanen
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skrifteleg
Ønskjeleg kompetanse:
Til stillinga er det krav om framlagt politiattest etter Opplæringslova § 17-11 før tilsetting. Tysnes kommune pliktar og å undersøka om den som blir tilsett oppfyller kriteria for tuberkulosekontroll og MRSA.
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg som
- er ein tydeleg og god klasseleiar
- er oppteken av å bygga gode relasjonar og eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- har evne til å motivera elevane
- er omsorgsfull, fleksibel og løysingsorientert
- viser engasjement og endringsvilje
- har evne og vilje til samarbeid og deling.
Kvifor du skal jobba hos oss
Hos oss vil du få faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø, som er prega av rausheit, delingskultur og høg kompetanse. Me kan legga til at alle dei tre skulane våre ligg tett på fine naturområde, som me nyttar oss av i undervisninga så vell som på fritida!
Tilsetjing hos oss gjev deg medlemskap i SPK- Statens pensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår.
Du blir tilsett i rett stillingskode ut frå kompetanse, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.
For å sikra at du føler deg trygg i valet om å jobba hos oss, tilbyr me ein omvendt referansesjekk. Dersom du er aktuell for stillinga vil du få høve til å kontakta nokon av våre medarbeidarar, slik at du kan stilla dei spørsmåla du måtte ønska, for finna ut om me er ein god match.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsnedsetjing og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 3000 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjera Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b608e614-9148-4c6d-8157-31c724c14ffb
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266344