Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule
Skeismyra 2, 5217 Hagavik
Om jobben
- Stillingstittel
- Undervisningsstilling vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 10. november
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med.
Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og inkluderande skulemiljø og lesing i alle fag som grunnleggjande ferdigheit (Læreplanverket 2020).
Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Arbeidsstad
Nore Neset barneskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik.
Skuleåret 2025-26 vil skulen ha 300 elevar. Saman om læring – SOL- summerer opp kjerneverdiane våre: at elevane våre skal oppleva anerkjenning, tryggleik og meistring.
Du kan lese meir om Nore Neset barneskule på nettsida vår: www.noreneset.no
Arbeidsoppgåver
Faglærar på 1.-7. trinn
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
- god fagleg kompetanse
- er ein tydeleg, trygg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital undervisning
- bidra til eit godt og inkluderande læringsmiljø
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega
- godt humør
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
15115c1d-d273-4ac2-a8ef-3241d4145016
- Sist endret
27. oktober 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3557463_207773_nn
Lignende annonser
Fagarbeidar ved Nore Neset barneskule
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule
Sted
Hagavik
100% fast stilling som fagarbeidar/assistent ved Strandvik barnehage
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Strandvik barnehage
Sted
Os
Tilkallingsvikar som fagarbeidar/assistent
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Skulane
Sted
Os