Helsefagarbeider
Hyllestad Eiklund Sjukeheim
Åfjordvegen 901, 6958 Sørbøvåg
Om jobben
Helsefagarbeider
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Hva vi ser etter
Helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar
Arbeidsoppgaver
Som helsefagarbeidar vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:
Yte pleie og helsehjelp til pasientane våre
Medikamenthandtering i samråd med sjukepleiar
Oppfølging av individuelle planar
Bidra og sikre til god kvalitet og forsvarlegheit i tenesta
Tverrfagleg samarbeid, deltaking i utvikling- og forbetringsarbeid
Journalføring i CosDoc, kontakt med pasientar og deira pårørande
Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.
Vi tilbyr
Kvifor søkje hos oss?
Interessante, spennande, meiningsfulle og varierte oppgåver ventar på deg
Du kan utgjere ein forskjel og vere med å skape gode dagar for pasientane våre, både i heimetenesta og ved sjukeheimen
Du får samarbeide med kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
3-delt turnus, per i dag har vi årsplan
I tillegg vert du medlem i KLP, ei av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP
Kvifor Hyllestad?
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?
Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.
Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo
Hyllestad er ein av kommunane der du får sletta 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år til dess det er nedbetalt. Du må vere busett i Hyllestad, og vere yrkesaktiv i minst eitt år før ordninga vert gjeldande for deg.
Om bedriften
Sjukeheimsplassane i kommunen finn du på Hyllestad omsorgssenter Eiklund, Sørbøvåg.
Treng du tilbod om opphald på sjukeheim?
Hyllestad omsorgssenter har 22 sengeplassar fordelt på 3 avdelingar:
Avdeling A, skjerma tilbod for personar med demenssjukdom - 8 senger.
Avdeling B, rehabiliterings-/korttids-/avlastingsopphald - 7 senger.
Avdeling C, langtidsopphald - 7 senger.
Aktivitetstilbod for bebuarar i omsorgsbustadane og pasientar som har institusjonsopphald - tysdag og torsdag.
Omsorgsbustad
Ønskjer du å leige omsorgsbustad? Hyllestad kommune har tilgjengeleg omsorgsbutadar i ulik størrelse i området rundt Hyllestad omsorgssenter på Sørbøvåg.
Hyllestad kommune har til saman 24 omsorgs- og servicebustadar. Desse er alle lokalisert rundt Hyllestad omsorgssenter Eiklund, på Sørbøvåg. Nokre har felles tun med omsorgssenteret, nokre har overbygd gjennomgang til senteret. medan andre er frittliggande.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b5a1b69c-95e7-4f5c-bd08-9a8b69b6bf6f
- Sist endret
31. desember 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
b5a1b69c-95e7-4f5c-bd08-9a8b69b6bf6f
Lignende annonser
Helsefagarbeider
Arbeidsgiver
Omsorgstenestene i Hyllestad
Sted
Sørbøvåg
Arbeidsgiver
Solund kommune Helse og omsorg
Sted
Hardbakke
Lærling helsefagarbeider
Arbeidsgiver
Omsorgstenesta i Hyllestad
Sted
Sørbøvåg
Arbeidsgiver
Fjaler kommune Helse og omsorg
Sted
Dale i Sunnfjord