Hopp til innhold

Vikariat for psykolog

Arbeidsgiver

BUP Ytrebygda, Helse Bergen HF

Sted

Østre Nesttunvegen 20, 5221 Nesttun

Om jobben

Oppstart
1. juni 2026
Stillingstittel
Psykolog
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 17. mai

Ønsker du deg ein fagleg engasjerande, variert og meiningsfull jobb på ein poliklinikk med eit godt arbeidsmiljø? Likar du å jobbe sjølvstendig med god støtte frå fagleg kompetente medarbeidarar? Er du løysingsorientert og opptatt av å ha det kjekt på jobb sjølv om arbeidskvardagen kan vere travel? Då er du rett person for oss! Vi har  ledig 100% vikariat for psykolog som vi oppmodar deg til å søke på.

BUP Ytrebygda held til på Nesttun og gir tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er om lag 13 500 barn i opptaksområdet, som består av byområdet Ytrebygda i Bergen kommune, Bjørnafjorden kommune og Samnanger kommune. Poliklinikken har ca. 26 tilsette, med ulik kompetanse og erfaring. BUP Ytrebygda og BUP Fana er samlokalisert og samarbeider om enkelte pasientgrupper og tilbod. Vi er organisert i to geografiske team, noko som gjer at alle får erfaring med utgreiing og behandling av alle typar psykiske lidingar og nevroutviklingsforstyrringar i heile aldersspekteret. 

For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr. Lov om Helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing av psykiske lidingar hos barn og ungdom
  • Individuelt tilpassa behandling (individuell behandling, familiebehandling, gruppebehandling)
  • Råd (konsultasjon) og rettleiing til skular, barnehagar og 1.linjetenesta
  • Samarbeid med kommunehelsetenesta, barneverntenesta og andre delar av spesialisthelsetenesta
  • Det blir forventa at psykologspesialistar gir rettleiing til psykologar under spesialisering og at dei deltar i poliklinikken sitt inntaksteam

Kvalifikasjonar

  • Godkjend autorisasjon som psykolog i Noreg
  • Erfaring med utgreiing og behandling av psykiske lidingar hos barn og ungdom
  • Erfaring med evidensbaserte behandlingsmetodar og familierettleiing
  • Erfaring med tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
  • Erfaring med pasientadministrative verktøy (DIPS)

Personlege eigenskapar

  • Empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande
  • Høg fagleg og fagetisk medvit
  • Løysingsorientert
  • Evne til å jobbe fleksibelt, sjølvstendig og strukturert
  • Gode samarbeidsevner og evne til å bidra til et positivt arbeidsmiljø
  • Evne til å samarbeide om å nå seksjonens overordna målsetjingar
  • Ved tilsetjing blir det lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg og stabilt arbeidsmiljø
  • Meiningsfulle og fagleg engasjerande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit til fagleg og personleg utvikling
  • Støtte til spesialistutdanning eller vedlikehaldskurs


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Linda Helen Knudsen Flygel, Seksjonsleiar, 55978000

Arbeidsstad

Østre Nesttunvegen 20
5221 Nesttun

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5122264418
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 17.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Linda Helen Knudsen Flygel

Seksjonsleiar

55978000

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b4366021-53e0-4631-a260-02f030ce36d0

Sist endret

30. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6921fdad20ad481b9994d0c7bc608629

Lignende annonser

Laster lignende annonser