Hopp til innhold

Psykolog

Arbeidsgiver

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), Helse Bergen HF

Sted

Østre Nesttunvegen 20, 5221 Nesttun

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Psykolog
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 1. juni

Psykolog – årsvikariat ved BUP Fana 

Er du psykolog og ønsker å jobbe i eit fagleg sterkt og engasjert miljø? Ved BUP Fana har vi ledig årsvikariat frå mars 2026.

Om oss
BUP Fana er ein av sju poliklinikkar i Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU). Vi held til sentralt på Nesttun, samlokalisert med BUP Ytrebygda. Opptaksområdet vårt omfattar Austevoll og Fana byområde i Bergen. Poliklinikken har 24 fagårsverk, inkludert tyngdepunktfunksjon for behandling av spiseforstyrringar, Regionalt senter for høyrsel og psykisk helse og ei stilling knytta til Tverrfagleg helsekartlegging.

Fagmiljø og behandlingstilbod
Hos oss møter du engasjerte og erfarne kollegaer. Vi tilbyr mellom anna:
IIP-gruppe, FBT-team, traumebehandling med erfarne terapeutar, EFST-grupper tilpassa spesialisthelsetenesta og eige team for utgreiing av autisme.

Dei siste åra har vi hatt særleg fokus på barn og unge med nevroutviklingsforstyrringar og vi har nyleg etablert IPS i samarbeid med NAV.

Vår tilnærming
Vi er opptatt av fagleg kvalitet, effektiv bruk av ressursar og godt samarbeid – både internt og med eksterne aktørar. Vi søker deg som ønsker å bidra til utvikling og finne gode løysingar i møte med aukande behov i befolkninga.

Krav til stillinga
Ved tilbod om stilling må du leggje fram tilfredsstillande politiattest i samsvar med helsepersonellova § 20a (arbeid med barn og utviklingshemma).


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og unge 
  • Samarbeid med føresette og relevante instansar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta og/eller arbeid med barn- og unge
  • Kompetanse innanfor metodane vi allereie jobbar med eller område vi ønsker å utvikle oss på
  • Interesse og kompetanse på utgreiing av nevroutviklingsforstyrring vil vere ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du har god vurderingsevne og arbeidskapasitet
  • Evne og vilje til å hjelpe pasientar og samarbeide med kollegaer
  • Fagleg trygg, nysjerrig og varm i møte med andre
  • Meistrar norsk skriftleg og munnleg

Vi tilbyr deg

  • Lønn i samsvar med overeinskomst
  • Eit støttande og godt arbeidsmiljø
  • Rettleiing, relevante kurs og vidareutdanning med stort rom for fagleg utvikling
  • Gode system for å ta i mot nytilsette

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Janne Tømmerbakke, Seksjonsleiar, 92082083

Arbeidsstad

Østre Nesttunvegen 20
5221 Nesttun

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5130266706
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 01.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Janne Tømmerbakke

Seksjonsleiar

92082083

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ee9bf02e-693d-4c5e-9f4e-c32cb597a2be

Sist endret

18. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

133b7ef84fb746848cb2c5a2995e43ca

Lignende annonser

Laster lignende annonser