Hopp til innhold

Barnehagelærarar i Flatraket barnehage

Arbeidsgiver

Fast stilling

Sted

Fv618 220, 6717 Flatraket

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærar i Flatraket barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest onsdag 6. mai

Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?

Flatraket barnehage har ledig inntil 200 % faste stillingar som barnehagelærar. Den som blir tilsett vil det fyrste året gå inn i eit vikariat som pedagogisk leiar. Tilsetting frå 15.08.2026.  

Barnehagen ligg sentralt på Flatraket, med gangavstand til skule, butikk, fotballbane og ein nydeleg natur med både fjell, skog og fjøre  som vi lettvint kan gjere oss nytte av. Vi har eit tett samarbeid med skulen, og har mange felles aktivitetar gjennom året. Barnehagen har dette året ei avdeling (frå 1-6 år), med 19 barn og 5 tilsette. 

Flatraket barnehage ønskjer å vere ein barnehage der alle barn og vaksne skal trivast og utvikle seg.  

  • Vi ynskjer å skape ein god og trygg kvardag for barn, foreldre og tilsette.
  • Vi ynskjer å møte det einskilde barnet og familien med openheit og respekt.
  • Vi ynskjer at kvardagane skal vere prega av glede og humor.   

Alt dette kan DU vere med på å vidareføre og utvikle, i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø. 

Som pedagogisk leiar/ barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team som har barnas beste i fokus!

Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen
  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
  • Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
  • Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Samarbeide med øvrige tilsette
  • Rettleiingsansvar for øvrige tilsette

Kvalifikasjonar

  • For stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar
  • Andre søkjarar med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeiderfaget/ helsefag eller med relevant erfaring vil verte vurderte 

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
  • Du har evne til å sjå det enkelte barnet
  • Du har evne til å handtere ei større barnegruppe
  • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
  • Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn

Vi tilbyr

  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
  • Godt og nært fagleg samarbeid 
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Har du spørsmål om barnehagen kan du kontakte styrar Helena Gangeskar Fure på tlf 911 87 136.

Kontaktinformasjon

Helena Fure, Styrar Flatraket barnehage, 91187136, helena.fure@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Fv618 220
6717 Flatraket

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5113817753
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Helena Fure

Styrar Flatraket barnehage

91187136

helena.fure@stad.kommune.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b3fa5936-565d-43bd-a5e2-75279f03a10a

Sist endret

21. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e9438a2ff2fc4f8998c1a8e0a7b5f12b

Lignende annonser

Laster lignende annonser