Hopp til innhold

Barnehagelærar i Selje barnehage

Arbeidsgiver

Selje barnehage, Stad kommune

Sted

Fv632, 6740 Selje

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærar i Selje barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 26. april

Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?

Selje barnehage er ein kjekk og inspirerande arbeidsplass, og vi har no ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 15.08.2026.

Selje  barnehage ligg sentralt i sentrum av Selje og har eit mangfald av barn frå ulike land og kulturar. Barnehagen har tre avdelingar - Tyttebærtua, Blåklokka og Solsikka. Det er omlag 50 barn og 15 tilsette i Selje barnehage.

Hos oss får du vere med på å utvikle og tilpasse det pedagogiske arbeidet i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
Vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel både for barn og personale.
Barnehagen vår ligg i naturskjønne omgjevnader, med kort veg til hav, fjell og flotte turområde – ein perfekt plass for barn å vere ute og oppleve naturen på nært hald.
 
Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team som har barnas beste i fokus!

Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen
  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
  • Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
  • Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidpartnarar
  • Samarbeide med øvrige tilsette
  • Rettleiingsansvar for øvrige tilsette

Kvalifikasjonar

  • For stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar
  • Andre søkjarar med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeiderfaget/ helsefag eller med relevant erfaring vil verte vurderte 

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
  • Du har evne til å sjå det enkelte barnet
  • Du har evne til å handtere ei større barnegruppe
  • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
  • Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn

Vi tilbyr

  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
  • Godt og nært fagleg samarbeid 
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Har du spørsmål om barnehagen kan du ta kontakt med styrar Heidi Marie Løvold

Kontaktinformasjon

Heidi Løvold, styrar Selje barnehage, 47759794, heidi.lovold@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Fv632
6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5109781360
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Heidi Løvold

styrar Selje barnehage

47759794

heidi.lovold@stad.kommune.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e90ed8a5-19da-4db1-b779-908b4fe1a4a8

Sist endret

10. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1f4e910d820b4cafa02d7e1abf9f28d0

Lignende annonser

Laster lignende annonser