Ledige pedagogstillingar i kommunale barnehagar
Oppvekst, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Om jobben
- Stillingstittel
- Ledige pedagogstillingar i kommunale barnehagar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. mars
Vi treng nye pedagogar i våre barnehagar.
Gloppen kommune har tre kommunale barnehagar, Hyen, Mona og Breim. Alle barnehagane jobbar med resultatleiing/ Beste praksis. Administrasjonsmålet er nynorsk. Besøk kommunen si nettside for informasjon om kommunen og kva vi har å by på.
Vi lyser ut pedagogstillingar som vert ledige for komande barnehageår, både faste, vikariat og mellombelse stillingar. Søkjarar vert oppmoda om å prioritere arbeidsstad i søknaden.
Tilsetjing vil skje løpande etter fristen.
Arbeidsoppgåver
Barnehagelærar skal ha ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogisk arbeid. Den tilsette må jobbe i tråd med resultatleiing og den beste praksis som er definert. Alle tilsette skal jobbe i tråd med rammeplanen og årsplan for barnehagen. Dei tilsette må vere aktive vaksne som legg til rette for leik og inkluderande fellesskap.
Aktuelle arbeidsstadar:- Mona barnehage: Barnehage med seks avdelingar på Sandane.
- Breim barnehage: Barnehage med fem avdelingar på Reed.
- Hyen skule og barnehage: Barnehagen har to avdelingar og har felles administrasjon med skulen.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer barnehagelærarar som har:- Godkjent pedagogisk utdanning for arbeid i barnehage
- Migrasjonskompetanse/spesialpedagogisk kompetanse
- Kan nytte nynorsk som skriftspråk og snakke godt norsk og vere digitalt kompetente
- Erfaring eller kompetanse innan rettleiing (barnehagelærar)
- Erfaring eller interesse for estetiske fag/praktiske fag
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter engasjerte medarbeidarar som er positivt innstilt til utviklings- og endringsarbeid. Vedkommande må vere reflekterte kring fagleg utvikling. Våre nye medarbeidarar må vere ansvarsbevisste, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team. Dei må ha fokus på inkluderande barnehagemiljø og språkutvikling, samspel og relasjon, og det å vere ein del av kontinuiteten på avdelinga. Vedkommande må vere strukturert og ha tydeleg gruppeleiing. Barnehagane jobbar etter Tryggleikssirkelen (COS), kjennskap og erfaring vil vere positivt
Personlige eigenskapar vert tillagt stor vekt i den samla kvalifikasjonsvurderinga. Om søkjarane er vurdert likt blir menn føretrekte for tilsetjing.
Vi tilbyr
- Barnehagar med fokus på fag og utvikling.
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis.
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med offentleg tenestepensjon i KLP.
Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Anette Støyva, Barnehagestyrar Breim barnehage, 468 73 568Else Lundestad Bakkelid, Barnehagestyrar Mona barnehage, 970 95 123
Anne Kristin Risøy Eimhjellen, Rektor Hyen skule og barnehage, 924 07 655
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5072147308
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Per Arne Strand
Kommunalsjef Oppvekst
+47 957 78 875
Anne Kristin Risøy Eimhjellen
Rektor Hyen skule og barnehage
924 07 655
Else Lundestad Bakkelid
Barnehagestyrar Mona barnehage
970 95 123
Anette Støyva
Barnehagestyrar Breim barnehage
468 73 568
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b3bf9b2a-16df-45f6-9514-6fb056dec628
- Sist endret
16. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6913a8dc926946e99aad9bf7baa942c4
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Oppvekst, Gloppen kommune
Sted
Sandane
Barnehagelærer
Arbeidsgiver
Austrheim Barnehage
Sted
Sandane
Arbeidsgiver
Stad kommune
Sted
Nordfjordeid, Stårheim