Ledige stillingar som fagarbeidar og miljøarbeidar i barnehage og skule.
Oppvekst, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeidar/assistent i oppvekst 2026/27
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. april
Vi treng nye medarbeidarar i barnehagane og grunnskulane våre frå skuleåret 26/27.
Barnehagane har ledig både faste stillingar og vikariat. Det er ledig 100% stilling i både Breim og Mona barnehage. Her er vi ute etter fagarbeidarar.
Skulane har ledig fleire delstillingar. Stillingane vil i utgangspunkt vere tilsett på skuleår, med unntak for stillingar knytt til SFO. Mest aktuell arbeidstad no er Gloppen Ungdomsskule, men det kan verte aktuelt med stillingar på dei andre skulane og. Det er i utgangspunktet vikariat/mellombelse stillingar, men med mogelegheit for fast tilsetting. Vi vil sjå stillingane i samanheng for å kunne vurdere om dei let seg kombinere for større stillingsprosentar.
Vi oppmodar deg som jobbar i vikariat/mellombels stilling i kommunen til å søkje på denne utlysinga. Gjer vel og prioriter seie noko om arbeidsstad i søknaden.
Utlysinga vil dekke stillingar som vert ledige fram mot barnehage og skulestart.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåver:
- Skulen - Arbeid med enkeltelevar eller i grupper og på skulefritidsordning (SFO).
- Barnehage - Arbeid med enkeltbarn og på barnehageavdeling. Må kunne jobbe med barn i alderen 0- 6 år, både på storbarn og småbarnsavdeling. Den som vert tilsett må jobbe etter rammeplan/årsplan og beste praksis. Du må medverke i høve foreldresamarbeid som del av oppgåvene.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer primært etter fagarbeidar, andre utdanningar, erfaringar og bakgrunnar kan bli vurdert på lik linje med fagarbeidar.
- Utdanningar som kvalifiserar som miljøterapeutar kan og søkje på stillingane.
- Kunnskap om teikn til tale/ASK vil vere ein fordel.
- Praksis frå arbeid med barn og ungdom.
- Søkjar må vere stødig i norsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Positiv innstilling til arbeid med barn og ungdom med ulike hjelpebehov.
- Evne til å bidra til gode relasjonar med elevane og kollegane.
- Kunne stå i utfordrande situasjonar.
- Fleksibilitet og engasjement.
- Vilje og evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
- Menn vert oppmoda om å søkje. Ved elles like kvalifikasjonar vert menn tilsett.
Vi tilbyr
- Arbeidsplassar med fokus på fag og utvikling.
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
- Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis.
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med offentleg tenestepensjon i KLP.
For tilsetjing gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Anette Støyva , Styrar Breim barnehage, 46873568Else L. Bakkelid, Styrar Mona barnehage, 97095123
Ragnhild Laila Bruvoll, Rektor Gloppen ungdomsskule, 418 03 716
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5106196296
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 26.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Per Arne Strand
Kommunalsjef Oppvekst
+47 957 78 875
Ragnhild Laila Bruvoll
Rektor Gloppen ungdomsskule
418 03 716
Else L. Bakkelid
Styrar Mona barnehage
97095123
Anette Støyva
Styrar Breim barnehage
46873568
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3e15ea9a-dcee-4377-bc9f-1b1341c5a7b8
- Sist endret
13. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ae09259c90904ef58828acb705a2452b