Vi søkjer ein pedagog som ser kvart barn og skapar rom for undring, leik og mestring.
Ål kommune Oppvekstsektoren
Torget 1, 3570 Ål
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagogiske leiarar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 9. februar
Ål kommune har 5 kommunale barnehagar av ulik storleik, med 2 til 6 avdelingar.
Du kan lesa meir om den einskilde barnehage i kommunen her: https://www.aal.kommune.no/meny/barnehage-og-skule/barnehage-i-al/
Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på leik og leikbasert læring, praksisnær læring og inkluderande praksis, og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid.
Visjonen er at «alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Tett og tidleg på og auka læringsutbytte er sentrale mål. Overgangar er eit område kommunen har arbeider med for å få til å flyte godt.
Som pedagogisk leiar blir du med i pedagogteamet vårt, med oppgåver som gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på di avdeling, dessutan ansvar for kontakt med føresette. Men først og fremst må du like å vera saman med barn, og klar for å leike saman med dei som ein fagprofesjonell.
Frå 01.08.26 har vi ledig pedagogiske leiarstillingar i alle 5 barnehagane våre.
Kvalifikasjonar- Utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning.
- Ønskeleg med kompetanse innanfor spesialpedagogikk.
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som søkjar som:
- Brenn for barnehageyrket og det beste for barna.
- Er ein leikande og profesjonell vaksen.
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Likar å vere ute i all slags vêr, året rundt.
- Er løysingsorientert, fleksibel og lojal.
- Har evne til å skape engasjement og styrke utvikling hos barna.
- Kan uttrykke seg godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr- Eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer som deler kunnskap og erfaringar.
- Gode moglegheiter for fagleg og pedagogisk utvikling gjennom rettleiing og kompetanseheving.
- Tydelege verdiar og eit heilheitleg pedagogisk fundament for arbeidet med barna.
- Gode persjons- og forsikringsordningar i offentleg sektor.
- Stillingsprosent ut frå ønskje/behov.
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b34c8ebd-a414-48fe-b0f2-6798355d418f
- Sist endret
7. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3577111_200323_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ål kommune Oppvekstsektoren
Sted
Ål
Barnehagelærer/pedagogisk leder i barnehagene fra 01.08.2026
Arbeidsgiver
Nesbyen kommune Barnehage
Sted
Nesbyen
Pedagogiske ledere og Barnehagelærere
Arbeidsgiver
Hol kommune Barnehagene i Hol kommune
Sted
Hol