Hopp til innhold

Ferievikarar

Arbeidsgiver

Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Vest, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikarar
Oppstart
15. juni 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest lørdag 28. februar

Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus søkjer ferievikarar sommaren 2026. Periode: 15.06.2026 - 16.08.2026

Vi har behov for: 

  • Sjukepleiarar
  • Sjukepleiarar med dialysekompetanse
  • Helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar
  • Assistentar med erfaring

Sengeposten er ein heildøgns sengepost med totalt 16 senger, inkludert 3 observasjonsssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot det meste av augeblikkeleg hjelp frå regionen.

Oppgi gjerne i søknaden kva arbeidsperiode og stillingsprosent du ønskjer.


Arbeidsoppgåver

  • Observasjonar, triagering og målingar av vitale parameter
  • Gruppeleiing og medikamenthandtering  
  • Ivareta pasientar sine grunnleggande behov i høve pleie, omsorg og aktivitet
  • Mottak av pasientar, kartlegging av hjelpebehov
  • Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal
  • Oppfølging av daglege rutiner i sengeposten
  • Todelt turnus for helsefagarbeidar/studentar 
  • Tredelt turnus for sjukepleiarar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Sjukepleiarstudent 
  • Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer godt med pasientar og pårørande
  • Du samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Du likar å arbeide i spennande og gjerne krevjande situasjonar
  • Du er god til å sjå kva som skal gjerast, og tilbyr og mottar hjelp
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel og engasjert

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
 

#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Kontaktinformasjon

Maria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264

Arbeidssted

Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5063798067
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 15.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 28.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Maria Charlotta Berg Langvik

Seksjonsleiar

(+47) 416 48 264

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b32610ce-8d62-4c77-b159-5cd1cc0f1350

Sist endret

15. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

35d15a3f9fb642ef9ea3aecc92438fd7

Lignende annonser