Hopp til innhold

Kombinasjonsstilling dialyse/sengepost

Arbeidsgiver

Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 17. mars

Er du sjukepleiar med interesse for dialyse? Ønskjer du ei spennande kombinasjonsstilling? Då kan du bli vår nye kollega!

Om stillinga
Vi søkjer sjukepleiar til 100% vikariat frå snarast til 26.11.2026, med moglegheit for forlenging. Stillinga kan ikkje delast.
Dette er ei kombinasjonsstilling mellom dialyseavdeling og medisinsk sengepost.

Om sjukehuset og lokalmiljøet
Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her finn du gode barnehage- og skuletilbod og eit rikt fritids- og kulturtilbod. Kort veg til flyplass.

Om avdelingane
  • Dialyseavdelinga har åtte plassar til hemodialyse. Her er arbeidstid på dagtid.
  • Medisinsk sengepost er ein heildøgns sengepost med 16 senger, inkludert 3 observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her er arbeidstid med 3-delt turnus.

Arbeidsoppgåver

  • Behandling med hemodialyse
  • Observasjon av pasientar
  • Mottak og oppfølging av pasientar
  • Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS Arena og Meona
  • 3 -delt turnus med arbeid kvar tredje helg
  • Moglegheit for langvakter kvar 3.helg / 4.helg etter ulike avtalar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå dialyse er ønskjeleg, men opplæring vil bli gitt
  • Det er ønskjeleg med erfaring fra sjukehus
  • Må beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert og ansvarsbevisst
  • God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ha gode samarbeidsevner
  • Har ønskje om fagleg utvikling, og tek initiativ til eiga opplæring og utvikling
  • Fleksibel og engasjert 
  • Evne til systematisk arbeid
  • Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø
  • Fagleg nysgjerrig

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Varierte og spennande oppgåver
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Maria Charlotta Berg Langvik, Einingsleiar, (+47) 578 64 156

Arbeidssted

Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5088761217
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Maria Charlotta Berg Langvik

Einingsleiar

(+47) 578 64 156

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

00d2c06b-aa15-4363-aebe-8d653aef508d

Sist endret

2. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c28ab2ee9b554e20a0250d971e0aa46c

Lignende annonser