Ledig 100% lærarvikariat
Fresvik Enspire Skule As
Storevegen 67, 6896 Fresvik
Om jobben
Vi søker ein engasjert og framtidsretta lærar til eit 100% vikariat for skuleåret 2026/2027, med oppstart 1. september.
- Oppstart
- 1. september 2026
- Stillingstittel
- Lærer
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest torsdag 11. juni
Send søknad til
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar• Grunnskulelærar eller anna relevant utdanning
• Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
• Undervisningskompetanse i matematikk, norsk eller engelsk
Personlege eigenskapar• Du er god på relasjonsbygging og samarbeid
• Du kan både jobba strukturert og ta utgangspunkt i elevane sine initiativ
• Du er interessert i pedagogisk entreprenørskap og bruk av lokalmiljøet
• Du ynskjer å vera ein aktiv bidragsytar til utvikling av skulen.
Arbeidsoppgaver
-
Skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmljø for alle elevar
-
Arbeide aktivt med entreprenørskap, kreativitet og praktisk læring i undervisninga
-
Leggje til rette for elevmedverknad, samarbeid og utforskande arbeidsmåtar
-
Samarbeide med kollegaer, føresette og eksterne samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
Vi kan tilby:• Tilsetjing, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
• Pensjonsrettar og medlemskap i Statens pensjonskasse
• Hjelp til å skaffa bustad viss det er ønskjeleg
• Eigen lokal tariffavtale mellom Virke og Utdanningsforbundet
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vitnemål og attestar kan visast fram ved eventuelt intervju. Ny politiattest må leggjast fram før ein startar opp i stillinga. For tilsetjing gjeld ei prøvetid på 1 månad.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fresvik EnSpire skule A/S er den tredje godkjende friskulen med entreprenørskap som profil. Skulen starta opp hausten 2020. Skulen får statsstøtte og blir driven etter godkjend læreplan for EnSpire skular. Vi ønskjer å vera ein skule for alle, og tek ikkje foreldrebetaling. Skulen ligg i Fresvik i Vik kommune i Vestland fylke. Det er ca 3,5 mil til Vik sentrum. Fresvik er ei jordbruksbygd med ca. 200 innbyggjarar. I bygda ligg Fresvik Produkt-- ei moderne industribedrift for fryse- og kjøleteknologi med 40 -- 50 tilsette. Fresvik har eit sterkt organisasjonsliv, som er med på å byggja fellesskap og felles identitet. Her er ein storslått natur med nærleik til både fjell og fjord, noko som gir høve til eit aktivt og rikt friluftsliv. Musikkfestivalen Fres festival blir arrangert i Fresvik.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b27fe957-86a5-46f7-847f-85fcabccea67
- Sist endret
21. mai 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
b27fe957-86a5-46f7-847f-85fcabccea67