Hopp til innhold

Vikariat i 100 % stilling som fagarbeidar/assistent

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Sagatun barnehage

Sted

Riverdalen 5, 6899 Balestrand

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest lørdag 4. juli

Sagatun barnehage er ein fleirkulturell barnehage med fire avdelingar. Mangfald og inkludering er viktig for oss, og vi legg til rette for eit miljø der mangfald vert sett på som ein ressurs.

Barnehagen ligg sentralt i Balestrand, med eit stort uteområde som inkluderer lavvo og gapahuk, og med kort veg til mange spennande turmål. Her kan vi boltre oss i Badelaguna, på Balasletta og ved Kong Bele-statuen, på fotballbana og i klatreparken, i skogsløyper, og sjå på dragehus og andre spennande bygg – alt innan kort rekkevidd. Sentrum med butikkar, hotell og reiselivsmuseum ligg berre nokre få minutt unna.

Me søkjer etter deg som ønskjer å vere med på laget, skape gode og trygge rammer for barna, og som ser gode relasjonar som ei kjelde til utvikling, utforsking og leik.

Det er ledig eit vikariat i 100% som fagarbeidar/assistent i Sagatun barnehage i Sogndal kommune frå 01.10.26 og fram til 10.08.27. 

Arbeidsoppgåver:  

  • Skal legge til rette for eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø for alle barna i barnehagen.  
  • Har i samarbeid med pedagogisk leiar og andre medarbeidarar på avdelinga ansvar for å fylgje opp det pedagogiske arbeidet.  
  • Medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet.  
  • Bidra til eit godt samarbeid med føresette.  
  • Bygge gode relasjonar med barna, føresette og kollegaer.
  • Bidra til godt arbeidsmiljø i barnehagen.
Kvalifikasjonar: 
  • Fagbrev som barne -og ungdomsarbeidar, andre er også velkomne til å søke.  
  • Gjerne arbeidserfaring frå barnehage.  
  • Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg.  
  • Interesse for og erfaring med friluftsliv og fysisk aktivitet for barn.
  • Interesse for og erfaring med mat og helse, og legge til rette for barns medverknad i mat og måltidsaktivitetar.
  • Evnar å ta barneperspektivet og bygge relasjonar.
  • Likar å vere med i leiken.
  • Interesse for og erfaring frå å arbeide med inkludering og mangfald i ei fleirkulturell barnegruppe.

Personlege eigenskapar:  

  • Engasjement for arbeid med barn.  
  • Tek initiativ og ansvar.  
  • Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar.  
  • Fysisk aktiv og leiken.  
  • Evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa, med føresette og medarbeidarar. 
  • Likar å arbeida saman med andre.  
  • Taklar høgt tempo i kvardagen.  
  • Godt humør.  
  •  Leik er eit prioritert område i Sogndalsbarnehagen                 

    Leiken har ein eigenverdi for barna som ein positiv og lærande aktivitet.  

    Leikande barn og leikande vaksne er avgjerande i:  

  • Relasjonsbygginga med barna.  
  • Det førebyggande arbeidet.  
  • Det å skape eit trygt og godt barnehagemiljø for barna. 
  • Me tilbyr:   

  • Ein spanande og meiningsfull jobb i eit godt arbeidsmiljø.  
  • Kjekke og varierte dagar. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.  
  • Gode velferdsordningar.  
  • Rettleiing for nyutdanna pedagogar og nytilsettsamling for alle nytilsette i barnehage.  
  • Mykje frisk luft og fysisk aktivitet i flott natur. 
  • Sogndal kommune – utfordrarbygda med eit høgt kompetansemiljø  

    I Sogndal kommune meiner me at medverknad frå barn, føresette og tilsette vil gje eit trygt og godt barnehagemiljø. Me har derfor fokus på tillitsbasert leiing og me er ein kommune som er framoverlendt og nytenkjande. 

    Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og andre tilsette sikre god kvalitet og utvikling for alle barna i den langstrakte kommunen vår.     

    Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen: Samskapande – Open – God – Nysgjerrig . Bli betre kjend med Sogndal kommune her: www.sogndal.kommune.no    

    Andre opplysningar: 
    Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.  

    Politiattest må leggast fram før tilsetjing.  Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.  
    Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.  

    Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Anne Buene

    48959788

    anne.buene@sogndal.kommune.no

    Om bedriften

    Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    f585a284-fe04-4876-a000-313edeb5e891

    Sist endret

    19. juni 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3639907_199059_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser