Stipendiatstilling innan ernæringsepidemiologi
Universitetet i Oslo
Domus Medica, Sognsvannsveien 9, 0372 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiat innen ernæring (Anette Hjartåker)
- Type ansettelse
- Prosjekt, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 9. juli
Om stillinga
Avdeling for ernæringsvitskap har ledig ei stipendiatstilling i ernæringsepidemiologi for ein periode på 3 år.
PhD-prosjektet omhandlar tarmkreft og type-2-diabetes. Dei to sjukdommane deler fleire sentrale risikofaktorar, som fysisk inaktivitet, overvekt og fedme. Me vil undersøkja den bidireksjonale samanhengen mellom dei to sjukdommane.
Tidlegare forsking tyder på at personar med type-2-diabetes har auka risiko for tarmkreft, mens det i mindre grad er undersøkt om personar som har hatt tarmkreft har auka risiko for type-2-diabetes. Det overordna målet for prosjektet er å undersøkja den bidireksjonale samanhengen mellom type-2-diabetes og tarmkreft, og å undersøkja korleis kosthald og livsstil påverkar denne samanhengen.
Opptak til doktorgradsprogrammet er eit vilkår for tiltreding som stipendiat. Det er ein føresetnad at kandidaten kan gjennomføra prosjektet i løpet av stipendiatperioden. Føremålet for utdanningsstillinga er at kandidaten skal oppnå ein doktorgrad/PhD i løpet av stipendiatperioden.
Endeleg plan for forskarutdanninga skal vera godkjent og avtalefesta seinast tre månader etter tiltreding. For meir informasjon, sjå nettside.
Meir om stillinga
Mange studiar har undersøkt samanhengen mellom kosthald og livsstil og risiko for enten type-2-diabets eller tarmkreft, men ein veit lite om livsstilen som felles risikofaktor, og i kva grad kosthald og livsstil spelar ei rolle for den bidireksjonale samanhengen mellom dei to sjukdomane. Det finst få studiar som eksplisitt har studert om kosthalds- og livsstilsmønster kan forsterka eller redusera den gjensidige risikoen mellom type-2-diabets og tarmkreft.
Stipendiaten vil arbeida med data som er samla inn i den landsdekkande kohorten «Kvinner og helse», i samarbeide med forskarar ved UiT Norges arktiske universitet. Me har tilgang til repeterte data i eit stort materiale for prospektive analysar. Me søkjer ein person med sterk interesse for epidemiologi generelt, og ernæringsepidemiologi spesielt.
Det er venta at stipendiaten deltar i fagutvikling og kunnskapsformidling innan feltet tarmkreft, type-2-diabetes og livsstil, med særleg vekt på kosthald, og at stipendiaten bidreg aktivt i forskingsgruppa.
Kvalifikasjonskrav
- Fullført og bestått mastergrad, eller tilsvarande, innanfor humanernæring eller epidemiologi. Mastergraden må vera på 120 studiepoeng med minimumskarakter B (ECTS karakterskala) eller tilsvarande, og må inkludera ei oppgåve på minimum 30 studiepoeng.
- Dersom masteroppgåva er i epidemiologi, må ein kunna dokumentera kunnskap om ernæring (frå utdanning, publikasjonar eller liknande)
- God framstillingsevne skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
I tillegg vil det vera ein vesentleg fordel med følgjande kvalifikasjonar:
- Erfaring frå arbeid med store datasett, og bruk av Stata, SAS, R eller liknande
- Dokumentert kunnskap (frå utdanning, publikasjonar eller liknande) om tarmkreft og/eller diabetes, med særleg fokus på korleis livsstil kan spela inn
Personlege eigenskapar
Ved vurdering av søknadene vil det bli lagt vekt på
- At personen viser sterk motivasjon for å arbeida innan ernæringsepidemiologi generelt, og i særdelesheit for dette spesifikke prosjektet
- At personen kan arbeida sjølvstendig og som del av ei gruppe
Ansettelse i stillingen bygger på en helhetlig vurdering av alle kvalifikasjonskrav som ligger til stillingen, inkludert personlige kvalifikasjoner.
Me tilbyd
- Løn frå kr. 550 800 til kr. 596 000 avhengig av kompetanse, i stilling som stipendiat stillingskode 1017
- Gode pensjonsordningar
- Gode velferdsordningar
Les mer om fordelene med å jobbe i staten i Arbeidsgiverportalen.
Søknaden skal innehalda
- Søknadsbrev (motivasjon for stillinga)
- CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
- Kopiar av vitnemål og attestar, og lenke til masteroppgåva
- Ev. publikasjonsliste
- Referanseliste (2-3 referansar; namn, tittel, e-post og telefon, samt skildring av relasjon til søkar)
Søknad med vedlegg må sendast inn via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt. Ved utdanning utanfor Skandinavia bed me om ei forklaring på karaktersystemet. Me gjer merksam på at all dokumentasjon må vera på engelsk eller eit skandinavisk språk.
Andre opplysningar
Det skal som hovudregel nyttast intervju i tilsetjingsprosessen. Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju.
Sjå forskrift om tilsetjingsvilkår, samt retningslinjer for tilsetjing i stipendiatstillingar ved Universitetet i Oslo.
I høve til Offentleglovas § 25 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med føremål å sikra rettane til forskingsresultat m.m.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttera personar med innvandrarbakgrunn.
I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Me oppmodar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søkja stillinga. Som IA-bedrift vil me leggja tilhøva til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Oslo er Norges eldste og høyest rangerte forsknings- og utdanningsinstitusjon med 26 500 studenter og 7 200 ansatte. Faglig bredde og internasjonalt anerkjente forskningsmiljøer gjør UiO til en viktig samfunnsaktør.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b1a85da8-06ed-4a75-8769-38ef8683f324
- Sist endret
18. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10300269